torsdag 5. august 2010

Vi reiser på ferie til eit anna land...

...nærmare bestemt Svergie. Vi fann eit koslig hotell litt utafor Gøteborg. litt over 3 timar kjøyretur frå Rudveien 8. Perfekt! Steinar kjørte heile veien, å det betyr at det går mykje bedre med han. Vi hadde booka 2 netter på eit EKTE hotell faktisk, med basseng og leikerom.

Etter å ha sjekka ut romma, bestemt kven som skulle ligge oppe og nede i etasjesenga tok vi bussen ned til sentrum. Genialt. 4 stopp så var vi midt i kjerna. Vi gikk litt gjennom gatene å fann oss en restaurant for å ete mat. Uten mat og drikke, duger helten ikke...å det gjelde for heltane frå Rudveien 8 også.
Vi kosa oss i sentrum, og det var veldig deilig å kome seg vekk litt. Sjå på folk, bygninga, ta en kaffi 2 go, kjøpe is i sola, kose seg:)


Gøteborg hjulet - dit skulle eg og Thea!


Her står vi i kø...inni ei sånn lita dinglande boks skulle vi....



Her er vi på toppen...utsikt over heile Gøteborg!!




Pappa sine 2 søte jenter :)


Heilt oppå toppen der var vi!!

Eg glømte Hinkel Pinkel i bilen, favorittbamsen til Johannes, å han nekta å sove uten den. Så vi for innom en leikebutikk, der han fekk seg en stor Hinkel...den fungerte. Men han slapp den store ganske fort til fordel for den gamle gode. Her kosa han seg i hotellsenga med begge 2.



Etter bading, leikerom og mat på restauranten (var open til 23.00!) so var det god natt...Vi har begynnt på den 2 boka vi kjøpte, "Svein og Rotta og Kloningen", og den er veldig spennade. Så ej låg oppi senga å las til alle 4.


Dagen etter var det klart for LISEBERG. Vi tok buss og trikk ned, og stilte oss i verdens lengste kø virka det som, ivertfall når sola steikte kl 12, unga, folk, mas, svolten, kan vi det? skal vi det? Men vi kom oss inn, og etter å ha stått i enda ei kø for å få kjøpt billetta var vi klar! Å alt gikk liksom mykje lettare når vi hadde fått litt oversikt og alle hadde fått prøvd en ting. Heldigvis var Thea og Ole Kristian for små til å ta dei tinga med lengst kø....men dei var veldig flinke til å stå i kø der dei måtte. Egentlig heilt utrulig...

Ole Kristian har akkurat ete ein stor sjokoladeis, og er klar for verdens største smokk. Er det ferie, så er det ferie.


Vi storkosa oss på Liseberg!


Pappa fungera veldig fint som karusell for den som er aller minst....


...å det er ivertfall like morsomt!


Snilde og tolmodige Johannes. Kosa seg i nye reisetrilla si som vi hadde kjøpt før vi for på tur.

Lisebergbanen. Den tok eg og Thea, å då hYYYlte vi begge 2....


Den som ventar på noke GØY, ventar ikkje forgjeves....


Etterkvart blei det mindre og mindre folk, og mindre kø. Så då tok dei dinne oppatt og oppatt. Her har dei fått eit sete med plass til 2. Ole Kristian helde seg fast, mens ei litt meit modig storesøster vinka...


Parken var veldig fin og koslig. Var selfølgelig veldig mykje folk der, men det gikk bra. Vi fann oss en plass å ete uten problem, å bestillte tacotallerken. Genial og god mat. Etter is, smokk, brus og sukkerspinn fann vi ut at vi skulle ta "familiebilde frå gamledager". Vi fekk på oss gamle klede heile gjengen. Steinar var sheriff, Ole Kristian og Johannes cowboya og ej og Thea fine damer. Å vi syns det var veldig artig å få kle oss ut, fekk både hanska og pistol. Damene som jobba der var veldig flinke, og meinte at ungane våre måtte vere Lisebergs gladaste barn! Å det er ikkje verst!!

Livet i Rudveien 8, eller Livet på Prærien...:)



21.30 gikk vi dansande ut av parken. Smilte for meg sjøl når vi gjor det, vi må no vere akkurat slik Liseberg vil framstå. Som ei levande reklame. Etter 9,5 tima i en fornøyelsespark med 3 unga midt i høgsesongen dansa vi oss mot trikkeholdeplassen. Perfekt!

Siste dagen starta med ei dukkert på Thea og Ole Kristian. Seinare sjekka vi ut, å reiste til sentrum der vi skulle besøke noke som heite Universum. Eit stort senter med fiska, dyr, utforsking, ein ekte regnskog...og mykje meir som vi ikkje såg på. Men der var mykje spennande fiska å sjå på, og vi kom akkurat tidsnok til mating av haiane!! I en anna del hadde dei laga ein regnskog der dyra gikk rundt fritt (!). Apene hang frå trena, krokodille og slanga... Men ej og Johannes gav opp. Etter å ha humpa oss ned ei trapp, og Johannes hadde allerede fått tid til å ta med seg nokre smaksprøve frå eit palmelignande tre, so bar vi vogna oppatt. Å tok heisen. Men då var det tid for å få opp blodsukkeret på alle mann...svenske køttbullar blei redninga.
Thea og Johannes utforska havbotnen mens torskane svømte rundt dei...

En stor sverdfisk...:)


Vi måtte selfølgelig stoppe på Svinesund å kjøpe smågodt. 3 kg til sammen!

Slitne etter en veldig koslig ferietur!


Vi hadde nokre veldig flotte daga i Gøteborg, sjøl om det var berre 3 daga så fekk vi mykje ut av dei. Men med snilde unga, nok mat og drikke, en ekstra stor porsjon kos, høgtlesing før man sovna, karusella, mange nye inntrykk, sol, kaffi, kyss, bade basseng, svensk glass, ubegrensa mengder med smågodt, Super Monica og Super Steinar som har full kontroll på alle 3 små, og kvarandre til ein kvar tid, då kan det vel berre bli koslig då...?

5 kommentarer:

  1. Blir heilt rørt av å lese.....for en kosleg tur ja:)
    Det flotte bilde av dokke frå gamle dage..dokke er ein god gjeng:)

    SvarSlett
  2. En kjekke gjeng å lese om, nesten som på film!! ;)
    Kjekt å sjå Johannes med "hinkel".. Patrik he samme,liten,men borte på ferie,kjøpe ny,stor, i håp om bedre, men nei.. Plutselig dukka han opp igjenn!! :) Dei e bra go!! :)
    God helg til alle sammen! :) Klem

    SvarSlett
  3. for en idyll sei no berre ej:) kjekt å lese bloggen din Monica:)

    SvarSlett
  4. hjelpe mej kor bra du skrive monica...ej følte virkelig at ej va på liseberg og d va helt sikkert som du sa "nokre perfekte liseberg reklame figura"..hi-hi....
    såg ongane (og vaksne) kose seg VELDIG

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)