Ferien min starta fredag 1.juli kl 15.00. Då skulle ej ha ferie i 4 veker. Virka som ei evighet, ei deilig evighet. Flyet vårt gikk 19.30 frå Gardermoen, så eg fekk til å gå en time før. Vi hadda pakka alt klart dagen før, noke som er ei sjøvlfølge viss du heiter Monica Holstad. Men vi skulle også levere leigebilen, og ete litt mat. Etter å ha heve i oss eit par Grandisa var vi på vei. "Kongen av Mallorca" joma frå baksetet i det eg kjeme på at eg hadde glømt boka mi.
Eg og Thea på flyet. Var eit stort charterfly med plass til alle 4 på rekke.
Gjengen i lufta. 3,5 timar gikk med på å sjå film, uten lyd. Og spasering mellom stolradene.
Vi landa ganske seint, men alle ungane var strålande fornøgde. Vi var tross alt i syden. Bussen sto klar for å hente oss, og vi sovna alle sammen. Untatt Ole K og Steinar som satt å spelte sjakk på mobilen til Steinar, snakk om å bruke tida fornuftig. Når vi fekk rommet vårt var kl 01.30, og eg kjem aldri til å gløyme utrykket til Johannes når han såg der var ei seng til han. Soooo glad! La seg, og sovna med en gong.
Det er alltid uvant og litt rart å våkne første dagen, fordi vi kom om natta har ikkje vi sett oss omkring. Å kjølskapet er tomt, å vatnet får springen kan man ikkje drikke. Eg, Thea og Johannes tenkt vi derfor skulle finne ein butikk. Vi begynnte å gå i ei retning, uten å vete om det var rett. Når man er i syden må man alltid prate litt engelsk, men der er ofte mange nordmenn, svenska og danska. Å kor teit er det ikkje å stå å prate gebrokkent engelsk til ein som er norsk? Men der kjem det då en fyr mot meg, svensk? norsk? dansk?
"Ehh..Excuse me? Do you speak NORSK?" "Ehh...what? No, only english" Ååå...ja sei du det, du var ikkje frå Skandinavia nei. 1 døgn i utlandet å eg gikk på den flausa, korleis skulle ditte gå?
Å dum som eg var måtte eg fortelle det til Steinar, så du kan sei eg har, og får høyre det igjen...
Brosjan og Farsan
Syden har ikkje forandra seg på 20 år var første kommentaren til Steinar i det vi gikk i "restaurant" gata. Dei samme menyane, trekka på stolane, bordpynten,dama som fletta rastaflette, karikaturtegnaren, han som spraya universet å kjeme til å vere løysemiddel skada før han er 30 og butikkane innhelde samme "sydentinga", ting du syns er fine når du er i syden, men når du kjeme heimatt lure du på kvifor i alle dager du kjøpte dinna batikk sarongen. Ingen som går med slikt heime....
Syden innhelde selfølgelig alt mulig for unga. Dinne store karusellen syns Johannes var veldig morsom. Satt seg i ein bil, å eg sto ved sia av. Men i det den begynte å lyse, bråke og går rundt blei han livredd. Men der var vi da. Å vi gikk rundt og rundt. Det er ikkje slik som i Norge der det er slutt før du i det heile tatt har starta, men sikker på vi gikk rundt 30 runder. Føltes ivertfall slik...
Her har vi kose stund på terrasa. Kvar kveld spelte vi litt kort før dei las seg. Å eg og ungane hadde lesestund med Doktor Proktor 3. Vi har bynt på den siste boka, å vi håper alle 3 at Jo Nesbø sitt å skriv ei ny no....:)
Dette var en ferie for ungane, men selfølgelig for oss 2 også. Så kvar kveld når det var stille satt eg og min fantastiske kjære å prata på terrasa. Men ei boks cola, og en liten Baileys. Det var kvalitetstid. Elskar å sete slik å prate, synse og diskutere med Steinar. Framtida, dagen som har vore, dagen som kjem, folk vi er glad i, endringar i livet, erfaringar, oss, ungane våre, drømmar, ja livet vårt.
Badeløvene våre. Dei er så gode og herlige! Fantastisk å sjå korleis dei kosar seg, og nyt vatnet. Spesiellt Thea. Ho er veldig god til å svømme, men ikkje minst det å svømme og puste under vatnet. Heilt utrulig, og fasinerande å sjå på.
Gutane mine:)
...å den minste badeløva storkosa seg også i bassenget. Men han ville helst vere i det store bassenget der Thea og Ole Kristian var. Der hang han på ryggen min mens eg svømte.
Dessert og en skikkelig Americano til.
Kvar dag gikk Steinar seg en tur med Johannes slik han skulle få sove, å det var kvalitets tida til Steinar. Og mi forsåvidt, for med ein liten en er tida som Hot Babe med sololje på solsenga er over. Men då trilla Steinar seg til ein kafe der han satt å naut utsikta, syden lukta og drømte seg vekk i eit par tima. Akkurat slik ferie skal vere.
Kosestund i senga:)
Bilde sei meir enn ord...
Ditte bildet blei eg og Steinar veldig glad i. Det kan beskrive ungane på ein måte slik vi ser dei ilag. Johannes som er veldig glad i Thea og Ole K,og syns det er veldig stas å ha dei rundt seg og får som regel gjer det han vil med dei begge to.... Men viktig at Hinkel er nær han. Thea som er storesøster og veldig glad i begge brødrene sine, og passar på begge to, men på to forskjellige måtar. Ole Kristian er ein gut med mykje energi, men også en som tenker veldig mykje. Han kan gruble på alt mulig, og husker situasjoner overaskande godt til tider.
Eit veldig fint bilde av 2 som er klassiske eksempel på sterk søskenkjærlighet. Veldig glad i kvarandre, og opptatt av at den andre har det bra, men samtidig kan irritere kvarandre til det ytterste.... Ein kveld var vi på eit provosorisk tivoli. Tenkte eg og brosjan skulle hoppe i trampoline, men etter å ha betalt, og ikkje minst stått i kø. Så var det ikkje gøy allikavel fann Johannes ut... Men eg hoppa litt, for den sunnmøringen eg er, til eg oppdaga at puppane holdt på å hoppe ut av kjolen samtidig. Då var det nok, som at eg ikkje i tillegg skulle bli ein attraksjon eg også......
Men det må nevnast av eg og Steinar tok eit slag Air Shuffel. Å du slo ikkje meg dinne gongen heller kjære...
Lenge leve syden, varme og bading:)
Å ej fekk kjøpt meg bok på Gardermoen. Bumerang. Så når Steinar trilla Johannes fekk eg tid til å lese, men frå å kunne lese 2 bøker på ei veke so måtte eg lese siste 10 sidene heime. Hehe...ja det var ikkje mykje ro i raua:)
Kalde øl høyre med i syden!
Steinar meinte at eg burde ete fisk en dag, vi bodde tross alt i ein sjølandsby, og eg var vel oppvokst på fisk frå morgen til kveld? Eller det hadde han faktisk fått avkrefta frå mi kjære mor, ho hadde ikkje laga ofte fisk hadde ho fortalt han. Så då var eg kanskje ikkje så sunn som eg hadde utgitt meg for å vere?
Men uansett, då kelneren kom var eg veldig usikker. Meat or Fish? Å før eg hadde fått tenkt meg om hadde Steinar bestillt fisk til meg og til seg sjølv. Var godt det, men når man er vandt med Findus (fiska i Norge, pakka i Kina, for å so sendast tilbake 14 dagar etterpå) så blir liksom ein fersk dagsfiska fisk m/bein delt i 2 litt vel. Heldigvis hadde dei tatt vekk haudet og alt som følge med der. Men snakk om å vere bortskjemt. Men det viktigste er uansett, vi åt fisk:)
Syden flette høyre med. Dinne dama var super rask!
Fantastisk herlig bilde!
...å så kom Farsan. "Hey! Titta på meg!".....
Eg og Ole Kristian siste dagen på restaurant. Syns det var eit veldig koslig bilde av oss 2.
Ein veldig fornøgd gjeng som sitte å venta på bussen. Vi har hatt ei veke med masse fliring, kos, bading, god mat, cola på boks, solkrem smøring kvar dag, Ole Kristian med vannkoppa og ikkje ei klage, masse kyss, sikkert 100 is, saftige nektarina, syden flette, ferskpressa appelsinjuice, lunsjbuffet på hotellet, dårlige engelsk kunnskapa (som forøvrig kom seg utover veka...), nytt antrekk kvar kveld og ikkje minst følelsen av å vere i syden ilag med alle dei som betyr alt for oss. Thea, Ole Kristian, Johannes, og ikkje minst kvarandre.
Å forresten, kva har skjedd med det å sende kort til kvarandre? Er det gamaldags?Eller tok det alltid så lang tid å skrive, kjøpe postkort, sende at kortet kom som regel fram 2 veker etter vi hadde komt heimatt. Eg har ivertfall ikkje fått eit sommarkort i år,enda, men det skal seiast at dei 3 eg kjøpte for å skulle sende....ja, dei tok eg med meg tilbake til Norge.
Testing Testing One Two Three
SvarSlett