søndag 10. oktober 2010

Besøk og hånn :)

Opp som en hjort og ned som en lort...det er utrykk Besta bruka når man har masse energi, men som ikkje vare so lenge. Oppskrytt energi. Men eg var ingen lort på fredag. Då sto vi opp kl 0600 for å kjøyre Steinar til Oslo, han skulle på eit møte. Men ja vi var trøtte, og hadde med kaffi i bilen. Vel heime åt vi litt frokost, og eg laga ei brøddeig og ei dobbel søtdeig. Var ikkje heilt sikker på kva eg skulle lage, men pappa og Jane skulle kome en liten tur innom. Så då var det godt med noke til kaffien, og Mamma og Bjørn var på vei ned til oss, og Thea og Ole Kristian skulle kome ikveld. Så då måtte vi ha god kveldsmat. Mens alt heva seg, heving er alfa omega, ivertfall ifølge Schakenda bakaraen frå Lom, å skikkelig smør! Men uansett meieri eller plante, vi måtte lage til sengene til gjestane våre. Å Johannes syns det er veldig spennande, kanskje litt for spennande, å klatre opp trappene.So opp på loftet vi for. Å mellom alle slaga so vaska vi bad, støvsugde, tørka støv, tilogmed vaska alle leikene til Johannes!! Ikkje spør kor eg får alll energien frå, men gøy var det. Mens brøda sto i ovnen, laga eg kanelbolla. Pappa og Jane kom med pakke til Johannes. En bamse med speil som eg kan ha i bilen slik eg ser han heile tida. Smart! Vi kosa oss med kaffi, kanelbolla og lys på bordet. Var veldig koslig å ha dei her på eit lite besøk :)

Fått pakke eg mamma!! :)
Var morsomt med speil :)
Bestefar også var morsom :)...men mamma er alltid morsomst ....
"Tulle mamma :)"
Etter besøket trilla eg og Johannes en liten tur slik han skulle få sove. Å det gjor han fort...meiniga var at eg også skulle sove. Å eg var flink å la meg på sofaen, med vekkarklokka på. 3 kvarter kunne eg sove. Men so ringte Steinar. Han var på toget på vei til Hamar for å hente Ole og Thea. Å mens eg låg der tenkte eg på den halve deiga eg hadde igjen; "Hmm...kor lenge kan ei deig heve seg?..Kan den slutte å heve? Liksom krympe igjen, bli hard?..." Nei, her er det berre å kome seg opp frå sofaen å bake ferdig. Steikte kjøttdeig og laga god saus som eg hadde inni horna. Men det blei eit veldig til rot, eg ville ha mest mulig fyll inni horna, so derfor blei det nokre pizzasnurra også...
Sida Steinar tok toget måtte vi hente dei i Lillestrøm, mens vi venta tok vi oss en liten tur på Skedsmo senteret for å kjøpe meir tråd. Strikkedilla here we come...
Kveldsmaten vår - hånn ;) - X factor og pitsahånn:)
Mamma og Bjørn skulle på Ikea. Og Bjørn er liksom litt som dinna reklama ; "Føler du deg noen gange alene om å pusse opp hjemme...?" Ikkje at han ikkje hjelpe til, mamma hevder ifølge Facebook at han er en EKTE SNÆKSY HANDYMAN ;) Men det å skulle innrede er mamma sitt ansvar. Å Ikea er vel ikkje manna sin drømmeplass...? So vi fann ut at rett etter åpningstid, kl 0900, då kunne no det ikkje vere so mykje folk? Vi hadde lyst å ha heimatt en blid og fornøgd Bjørn....;) Mamma hadde vore flinke å skrive liste so etter en time var dei heime, og dei hadde ikkje kjøpt noke meir enn det so sto på den (!!!) Er det mulig?
Laaaaang bord, med masse godt pålegg :)
Gjengen samla til koslig lunsj :)
Å so spennande med dataen...

...å oppvaskmaskina er også spennande. Hjelpe mormor med å rydde ;)


*Strikkeklubben Strikk&Grei*


Lærte Thea å strikke, noke som var veldig stas. Ho var også veldig flink til at det var første gongen!! Ole Kristian satsa alt på en dusk. Eg hadde kjøpt fleirfarga tråd, noke som var gjor at dusken blei ekstra spennande :)


Strikket til Thea. Gikk frå 15 masker til 26!!


Å eg har strikka meg en "hals". Eit skjerf som eg sydde i sammen til en runding :)


Varmt og godt, og ganske so fint...ikkje sant..?:)
- MonicaDesign -

lørdag 9. oktober 2010

Ønske hausten velkomen :)

Mandag var vi invitert til middag med Vibeke og Odd Arne. Vi henta Steinar på kontroll på sjukehuset, og ringte til Vibeke om vi kunne kome før. Steinar fekk legge seg på gjestesenga deira å kvile seg litt...ikkje verst å kome til middag og få kvile seg først? Ho hadde laga god blomkål suppe og sjokoladepudding til dessert, det var vel Tine som hadde laga den ;)


Gutta diskutera bil...


Vibeke leita fram kosedyret sitt:)


*visjovoosj*


Hengande rosa gorilla :)

Tirsdag trilla eg og Johannes til helsestasjonen for å vege og måle. Lenge sida vi hadde gjort det, og tirsdaga er helsestajonen åpen for alle. Johannes var 75,5 cm og vog 10.874 kg :)

Sjekka om vi he utstyret iorden :)
Torsdag var det klart for at Steinar skulle på ny kontroll på sjukehuset. Eg og Johannes kledde godt på oss å trilla rundt omkring. Besøkte gamle jobben min, og snakka med mine gamle kollega. Koslig:) Etterkvart som tida gikk måtte vi undersøke nye områder, og trilla ein heilt ny vei...Der oppdaga vi nokre kjempe koslige hus med veldig flotte haga!! Blant anna dinne MEGA solsikka!!!!

Sett so stor solsikker før?

Gedigen...:)



Lita hand stekke seg mot hausten...

Dei 2 skjønnaste haustblada eg veit om...

Steinar sitt haustblad ;)
Vi veit ikkje noke nytt om Steinar, eller dei vil ikkje gi han ei endelig diagnose sida han forsatt er til utredning. Men vi har lykkekryss for at dei snart finn det ut. Det går bra med han, men han blir fort sliten. Men det kan eg godt forstå...slitsomt å ikkje sjå skikkelig.
So vi har for det meste kosa oss heile veka. På fredag kjeme mamma og Bjørn en tur, dei skal på Ikea å shoppe...hehe. Og Thea og Ole kjeme for å ha haustferie her med oss. Det blir koslig!! :)

søndag 3. oktober 2010

Etter fredag kjem laurdag...

Fredag var vi oppe tidlig for å kjøyre Steinar til kontroll på sjukehuset. Mens han var på kontroll tok vi oss en trilletur i kulda. For innom eit bakeri der vi kjøpte oss rundstykke og ein kaffe latte med karamell smak. Nammm!! So sat vi ute i gata å såg på alle folka som travla forbi på vei til jobb. Herlig med en liten "by morgen". Steinar hadde fått sprøyte i augene, so han trengte å kvile seg...
Morgen kos ute i friluft på Baker Hansen :)
Heimekos :)

Fundera over livet...?

Sida eg er sjåfør kjørte vi alle sammen til Hamar for å hente Ole K og Thea. Vi var tidlig ute, so vi henta dei etter skulen. Der fekk vi sjå klasseromma deira, og dei syns det var veldig stas å få vise fram Johannes. Vi susa avgårde til "der vi bor...". Laga 2 store heimelaga pizza med kjøttdeig, og en med pepperoni og skinke. Å kosa oss med X factor.




Ole Kristian måtte ta seg eit bad, og Johannes syns det var veldig artig å stå å sjå på. Trur nok han hadde lyst oppi...

"Hei Ole!! ta meg oppi..." ...å det fekk han lov til. Goingane :)
Men på kvelden når Johannes hadde lagt seg fekk han ei veldig stygg hoste, som ikkje gav seg når vi la oss. Steinar sa eg skulle ringe til legevakta. So eg og Johannes kjørte til Sørum for å få sjekka lisje vennen. Der var det to kjempe koslige dame som tok oss imot. Han var fin form, og sjarmerte begge to, stas å få vere oppe midt på natta. Men dei kom til at han hadde sikkert falskt krupp, han fekk ein tablett løyst oppi vatn gjennom ei sprøyte og fekk puste gjennom ei maskin. Etter det kom han seg veldig, men sida han skulle sove med kaldt rom, og sparka av seg dyna so var han litt forkjøla når han våkna. Snårete og kosesjuk. Og veeeeldig mammadalt. Litt travelt, men også ganske koslig når han kjeme krypande mot meg å sei; "Mammmaaa, Mammmaaaa...." ;)
Laurdagen kosa vi oss med god og lang frokost, som vi bruka å ha dei helgane Thea og Ole Kristian er her. Vi var også ute å leika oss.

Ole Kristian foran målet sitt :)


"Ta bildet når eg scora Monica..."



Skulle prøve å ta bilde av dei alle 3, men Johannes var mykje meir opptatt av traktoren sine funksjona...


...Ikkje sjans. Men dei 2 andre var no ganske skjønne:)

Godt å ha en storebror...

3 herlige unga :)

Vi laga kalkunfilet og kyllinglår med salat og mandelpotetpure til middag. NYDELIG! Å so kosa vi oss med litt godteri og tv kos. Sida i sommar har Thea og Ole Kristian syns det har vore veldig koslig at eg har lest til dei, og eg syns det er veldig koslig sjøl. Men igår var eg veldig trøtt, men når dei begge ser på meg med bedande auge, og sei ; "Pliiiiiis Monica, versosnild..." Då må eg berre :) Å når eg kom opp, hadde dei laga plass til meg i midten under dyna. Er ikkje dei gode vel?
Kveldskos med lakenspøkelset Nifse Nella :)


Etter å ha kosa oss heile søndagen for vi på Egon i Lillestrøm. Herlig at Egon laga middag til oss:)
No har Steinar sett fotballkamp, Johannes bada seg og søve søtt i senga si. So no ropa sofaen på meg...:)

lørdag 2. oktober 2010

We are now approching Vigra airport...

Då var det tid for permisjonens siste tur heimattt til Hareid, for no begynne det å nærme seg jobbing. Men dinne helga passa det veldig bra for Steinar sida han skulle ha fårikål lag med butikksjefane her heime i Rudveien 8, og jobbe mykje...! Å då kunne vi 2 like gjerne vere heime med mormor og bestefar som akkurat hadde komt heimatt frå Grønland.

Etter å tatt SAS sitt morgenfly var Bjørn å henta oss på Vigra. Vi tok en tur innom tanta og onkelen til Bjørn. Trudde gamle folk sto opp samtidig med sola eg, men der tok vi visst feil, for dei hadde ikkje stått opp. Men vi fekk kome inn for det, å fekk oss kake, halve med krem og halve uten. Slik ho kunne tilfredstille alle som skulle få kake...eg og Bjørn vi ete både krem og uten so det var samme for oss:)

På skuldrane til Bestefar er gøy!!

Vel heime i Bautavegen fekk eg sjå huset i ny farge. Veldig fint i grått og kvitt istaden for grønt og raudt. Trengte ei forandring. Var kjekt å sjå mormor igjen for begge 2.


Laurdag for vi en tur til vik for å sjå på nokre lammeller til mamma, og kjøpe lammelår til Besta. Å lammelår var vel det einaste vi kjøpte. Ganske imponerande egentlig...Seinare for vi på besøk til Besta der vi var i mange tima. Men det er ganske vanlig, og koslig:)

Søndag var vi inviterte på middag til Oldemor i Ørsta. Marius og Synnøve kjørte oppover på laurdag for en liten tur til Hareid. Å det var veldig koslig!!!Johannes får smake potet i saus med Onkel Marius...

...og det var veldig godt. Å eg ser han har teknikken inne...;)



Slarafenliv på sofaen med gamlingane....;)


Tante og Onkel er god å ha. Johannes gler seg til han får eit syskenbarn.....;)



Ei spreke Oldemor:)

Etter nydelig mat, god dessert og koslig besøk var vi klar for neste besøk. Anholen i Ulsteinvik. Der venta tante, onkel, syskenbarn og Besta. Der fekk vi muffins og is, å vi gafla inn på, det var trossalt en knapp time sida vi hadde ete sist...

Mathea, Johannes og Kamilla. Mathea fekk bli med å gi Johannes graut, å når han ikkje ville ha såg ho dumt på meg å spurte kvifor eg ikkje sa; "Brrrumm..." når eg tok skeia mot han. For det visste ho fungerte for ho hadde mata babya før.



Mandag våkna vi til strålande sol og nydelig blå himmel. Å sida dei 2 herlige trimentusiastane var heime so måtte vi ut på tur. Eg og Johannes hadde allerede vore ute å trilla en morgentur. Med frost på markane, og sol. Fantastisk! Men uansett på med selbuksene (LES: Nike tilsittande trimbukse som er fantastisk god!!) Å eg har følt meg nokelunde bra i mi bukse, som eg fekk med Marius og Synnøve i bursdagsgåve, men når eg sto ved sida av Synnøve då følte eg meg som en kval pakka stramt inni svarte plastfolie. å eg som trudde eg hadde gått masse tur?

Vartdal frå si beste side. Sunnmørsalpane midt inni der....


Grilldress paret :)


Eg og Synnøve i dei stramme selbuksene våre :)

All you need is love, love...


Sprekingane og meg ;)


Nesten brudebildet ditte...?


Marius lider av "lystpå" syndromet. Men ikkje slik som oss andre, lyst på ei ny jakke eller lyst på nye sko. Å mens vi andre sjekker facebook eller mailen vår når vi slår på dataen går han først inn på finn.no, for å sjekke om det er noke han kan få lyst på... Han har lyst på ein ny bil, lyst på ein ny båt, lyst på eit naust og no når vi gikk inn i Korshamna på tur fekk han lyst på ei tomt der inne. Slik at han kanskje kan bygge seg eit hus. Men heldigvis kjøpe ikkje han alt han har lyst på...

Bjørn mala siste rest på huset :)

Kos med Onkel på sofaen :)


Tirsdag tok vi med oss Besta på kinarestauranten, det syns ho er veldig kjekt. "Kjøpe seg en lunsj meny på kina'en..."

" Litt skeptisk til interiøret her mamma...."

Seinare på kvelden kom Wenche, Hans Martin, Anja og Stian. Mamma laga vafle. Og vi kosa oss!

"Ditte er for noke da....?"

"MMmmmMMMm...vafle var godt!" Åt heile hjertet:)


Eit typsik spørsmål eg alltid får når eg er heime er om eg ikkje savnar Hjørungavåg. Å når veret er på det viset som det har vore, er det ingen finare plass på jord. Men savnar? Alltid godt å kome tilbake. Men nei, eg likar meg her vi bor no. Å sant som det er, er det ikkje så mange igjen av mine vennar igjen der. So når mamma er på jobb, ja då er alle andre også på jobb. So det blei litt lange dagar på oss. Men på onsdagen hadde Elisabeth fri, og då avtalte vi at vi skulle møtast med ho. Yvonne og Janne også kunne. Elisabeth hadde laga en nydelig god pastasalat, trur eg og Yvonne åt opp nesten heile skåla...?:)
Det er alltid kjekt å møte dei gode gamle når man først er heime. Set veldig pris på dei. Synd vi ikkje fekk tid til å møte Renate og Patrick, men vi det kjeme heldigvis fleire anledninga...

Johannes og Aleksander. Johannes syns det var veldig stas med alle leikene hass. Dei er født i same året, men 9 mnd mellom dei. Men regnar med Johannes tar igjen Aleksander om ikkje so lenge, han såg ivertfall veldig på han når han gikk..."Slik vil eg også....." So eg måtte holde han i henda å gå etter Aleksander :)

Johannes på flyet. Vår neste kaptein....?

Som dokke ser kosa vi oss atter en gong heime på Hareid. Men borte bra, heime best. Alltid godt å kome heimatt til Steinar. Han hadde rydda og vaska so fint, ei fryd å kome heimatt til en so herlig mann!!!!
Men skal ikkje bli so lenge til neste innlegg. Men dagane går veldig fort, og no er Steinar blitt sjukemeldt. (endelig....) Han har vore på sjukehuset igjen, men ikkje innlagt. Fått sprøyter i augene, so håper det ordnar seg snart. Men for tida er eg husmor, sjåfør, kjæreste, mamma, Monica, hushjelp, ja også kalla drømmedame....;)
Ha ein fin laurdagskveld alle sammen. Vi skal kose oss med kylling til middag, og smågodt til barnetv.