søndag 15. august 2010

Klemming er en gjensidig helsebringende prosess...

Er det typisk at fine veret kjeme når ferien er over? Eg syns å huske ifjor det var same greia. At eit eller anna parti meinte vi burde flytte sommareferien, sikkert Frp, for det kom ikkje gjennom ivertfall....Men eg og Johannes har fri. Og godt er det! Han har bestemt seg for å stå opp tidlig no...kl 0800. Men det er kanskje ikkje tidlig? Blir det verre? Jaja..i gamle dager sto eg opp kl 0500 for å kome på jobb kl 0600. Er vel berre å legge seg tidligare...

Etter å ha kjørt mamma på flyet for eg og Johannes en tur på Ikea. Eg skulle ha nokre bildelister. Eit nytt prosjekt. Men dei hadde selfølgelig salgsstopp på dei! Men ikkje tru eg kom tom hendt der frå uansett. Vi avtalte med Steinar å ete middag der, enkelt, billig og gode køttbullar.

Når eg først har bestemt meg for at eg skal ha noke, å eg veit eg kan få tak i det ein anna plass. Ja då fær eg den andre plassen. Skeidar + bildelister = sant!
Har ikkje fått dei opp enda, for dei skal høgt opp. So kreve litt planlegging, og selfølgelig fylgte der ikkje med skrua. Bildelister - skrua = Ikkje bra!

En liten luring...


"Hei Mamma! Ingenting å rive ned??"
Ej he måtta flytta alt i hyllene...hehe..



Lisje krabba mi...

Johannes stende. Røyst seg opp heilt sjøl, og når han blei for sliten satt han rompa inntil stolen for kvile seg:)


Laurdag sto Steinar og Johannes opp tidlig, og eg sov. Godt! Dei hadde kosa seg, trilla tur og vore på butikken å kjøpt rundstykke og Donut m/sjokolade til meg. For nokre kjekke guta eg har.
Steinar hadde tatt på seg Chelsea drakta si. No er det på ann igjen. Premieur League har starta. Og vi har bestillt oss den nye HD TV 2 Football Ilovefotballtwentyfourseven, eller kva den nye kanalen heite. Eg og Johannes trilla oss en lange tur, og prata med Besta på handsfreen. Mobilen min har klikka så fungerer kun med hands free, men eg har bestillt meg ny! Sånn pitteliten Sony Ericsson Mini x10 Pro. Å sida eg var så god kunde hos Tele 2, ka no det måtte innebere??, skulle eg få eit enda bedre tilbud. Men mobilen var ikkje inne, so no blir det spennande å hente posten framover. Men uansett, Besta mi er fantastisk god! Å ho overtalte meg til å lage litt jordbær sylte. Ingenting er no bedre enn det? Nyrørt jordbær sylte på nysteikt brød (blei dårlig med dei nystekte brøda...) Men blir godt å ta fram til hausten å ha på skjeva.
Husmora har rørt og rørt...

6 flotte bokser. 5 klar for frysing og 1 klar for kjøleskapet!



Eg fekk også eit anna innfall , å berre måtte teste symaskina mi skikkelig. Gardinene på rommet til Ole Kristian blei første prøvekanin. Målte, klipte, bretta, strauk og sydde. Blei veldig bra! Dei har vore litt for lange, og no blei dei litt meir koslige og passlige til rommet. Neste var putetrekk. Lilla. Samme som gardinene oppe. Etter bretting, tilpassing, klipping ( Mamma sa at til nøyare eg klipte til finare blei det...ekje so lett å klippe beint??) Men ho sa også at viss man strauk stoffet var det enklare å sy, og blei finare. Å stryke firkanta stoff er enkelt. Å jaggu blei ikkje putene ganske so fine. Skal som nevnt tidligare legge ut bilde. Litt skeive kanta her og der, men eg veit det blir bra til slutt.
Søndag var det Steinar som skulle få sove lenge. Å det lika han like godt som meg. Vi åt koslig frokost, og begynnte på eit stort prosjekt. Tapeten på Johannes sitt rom. Gled deg til bilde!
Etterkvart kjørte vi til Lillestrøm for å bruke gavekorte vårt på en stor pizza på Peppes Pizza som vi hadde fått med Jane. Takk for maten :)
Kos i Lillestrøm

Fashion Raport #1 FrOm RudVeiENn 8.
Jakke frå Gina Tricot, Topp frå Vero Moda og skjørt frå H&M.
Oh Yeah!

...å i Lillestrøm oppførte vi oss som nyforelska fjortisa å klina litt.

Legge med ditte bildet frå en trilletur. En van som kvila i ei blomstereng. Minne meg litt om Hareid på en eller anna måte...?:)


torsdag 12. august 2010

Klemming gjer glade dagar gladare...

No er det lenge sida eg har blogga igjen, men grunnen er ganske enkel. Eg har storkosa meg ilag med mamma dei siste dagane. Har derfor ikkje såtte meg ned foran pc'en for å oppdatert til dokke. Kjørte ho til flyet ista. Steinar sete foran sin pc å jobba litt, og Johannes har akkurat sovna. Han klarer å reise seg oppi senga no!! Står å babler over kanten, veldig svært, og då er det selfølgelig veldig kjedelig å sove...

Men skal fortelle dokke om dei siste dagane, eller når eg tenker meg om er det faktisk ei heile veke sida eg blogga sist.

Torsdag trilla eg og Johannes opp til Elisabeth og Daniel en tur. Lenge sida vi hadde sett dei no. Å sida Steinar tok med seg kidsa til Stian på besøk så passa det bra. Daniel hadde fått seg sandkasse, og den måtte vi teste. Å det var veldig stas, trudde kanskje dei kom til å kun ete opp sanden, men det gikk faktisk veldig bra. Var kjekkare å ta på den, og kjenne kor den silte gjennom fingrane...so det skal vi prøve oftare.


Full i sand frå topp til tå når vi kom heimatt, å noke sei meg at det blir ikkje siste gongen at Johannes blir full i sand og søle...;)



Daniel med favoritt spada si....



2 gode kompisa!



Fredag kveld kom mamma med fly. Godt å sjå ho igjen sjøl om ikkje det var so lenge sida sist ho var her. Vi skulle berre kose oss, og kanskje shoppe litt...?



Laurdag skjedde det noke fantastisk artig noke! Vi hadde akkurat ete frokost, og Johannes satt i stolen sin og var mett å god. Å i det eg skal til å ta han ut av stolen sei han det, ja DET. Also MAMMA!! Alle hørte det, og det blei eit stort oppstyr. Så det har blitt med den gongen, men han sa det klart og tydelig. *Stolt*
Etter det verste sjokket hadde lagt seg for Steinar og dei 2 skjønne for å klippe seg. Å dei kom tilbake med verdens søtaste kort (som var perfekt!!!) og verdens kjekkast sommargåve!!! Berre for eg er den eg er...hmm...eg må vere verdens heldigaste som har en so kjekke kjærste, mann, bestevenn...du er ALT for meg! Å eg regna med du vil gå i dei heimsydde buksene eg skal sy til deg etterkvart...?



SYMASKIN!!

Verdens SØTASTE kort....


...å når eg åpna det spelte det musikk..." You're simply the best...better than all the rest, better than anyone..."

Stian (mitt syskenbarn) har vore på Norway Cup denne veka, og gjort det ganske så bra. Pauline (systra til Stian) og Anja (tanta mi) har vore i Oslo å heia på dei, og kosa seg. Derfor var det veldig koslig at dei ville tilbringe siste dagen ilag med oss. Dei skulle ta nattbussen oppatt på kvelden. Det var nydelig ver den dagen so vi kosa oss ute. Superchef Karlsen diska opp med Biff Stroganof gryte med sjøllaga potetpure, salat og ris. Nydelig godt!


Pauline hadde kjøpt seg en trikse ball med strekk i. FancySmancy. Stian og Ole Kristian (til Ole si STOOOORE glede) spelte en lang fotball kamp, dei var heilt svette begge 2. Etterpå var det stor kamp med heile gjengen, untatt meg og mamma. Mamma var vel innbyttar eit par minutt for Thea uten at det blei noke mål for det....


Søstrene Sisters:)


Verdens beste Mormor og Mamma:)

Etterkvart dukka Dansica opp også. Ho holdt eit forrykande show med masse nye dansetrinn i solbrillene og jakka til Pauline (som eg blei kjempe missunlig på, men eg har verdens beste mamma å fekk slik jakke når vi var på shopping...yeah!)
Sukkersøte Thea måtte vere litt modell for meg i rosa solbrille:)


Søndag var det nydelig ver igjen! Å då kunne Johannes endelig få bade i stampen sin, å det syns han var utrulig deilig! Thea og Ole Kristian var litt misunlig på at dei ikkje fekk basseng. Men hadde det vore meir finare ver skulle vi gått til innkjøp av eit basseng, men vi får sjå til neste år. Eller om Ole Gudmund vinne i Lotto, for då skulle både han og eg få eit basseng i hagen.

"Åååå...ej nyyyte å bade!!"
Mmmmm...


Etter 5 slag med Den Forsvunne Diamanten (årets sommarspel) og grilling skulle Thea og Ole K reise heimatt til Hamar. Veldig rart når dei var vekk, hatt dei ilag med oss i 3 kjempe koslige veker, å so plutslig skulle ikkje eg lese til noken på kvelden. Hmmm...men dei kjeme snart igjen. Steinar skulle også begynne på jobb på mandag. Tungt å stå opp...men han var veldig flink!!

Eg, Mamma og Johannes har kosa oss masse disse dagane. Mamma elsker å trille tur, så ho hiv lett Johannes oppi vogna å triller rundt omkring.
Sida eg hadde fått meg symaskin så måtte vi gjer eit prosjekt eg har tenkt på lenge. Det var å sy gardiner til vindua oppe. (Skal vise dokke bilder litt seinare...) Men uansett så måtte vi ha en plan, stoff, tråd, tilgang til kreativitet og klar tenking. Vi tok en tur på Skedsmo senteret og Kid. Der var det 70 % på masse gardiner, kjøpte vel 5 lengde. Slik vi kunne sy feil, eller lage putetrekk. Å so har eg lovd Thea å sy dokkeklede (!!). Skal ivertfall øve meg på en del av stoffet.
Tirsdag skulle vi på 8 mnds kontroll med Johannes. Tenk kor tida flyge avgårde. Vi trilla ned til Frogner, heldige med veret disse dagane. Han vog 10,450 kg og 74 cm lang. Ellers var han blide, god og friske. Han har blitt en racer til å krype framover golvet, og so lenge han får bedre tak med beina so krabba han framover. Dei siste dagane har han også fått teken på å røyse seg opp på kne, og viss han he godt nok tak stende han!
Etter kontrollen var det tid for gardinprosjekt, å vi klarte å finne vinkelen til slutt. Fann ut at vi kanskje skulle begynne å selge, du får ivertfall noke som ingen andre har...Mamma gikk søm når ho var yngre, så ho kan nokre triks ang sying.
Kjekt å øve seg på å stå:)
Steinar hadde invitert meg ut på middag på Hard Rock Cafe, deilig å kunne vere litt kjærsta igjen. Vi kosa oss med masse god mat. Etterpå gikk vi ut å såg på Oslo Grand Prix. Utrulig stilig! Schlek, Husovd, Arvesen og Boasson susa forbi. Å vi fekk med oss det siste kvarteret, utrulig spennande. Og itillegg ekstra artig for eg og Steinar fylgte med på Tour de France i sommar. Å når dei sykla seier show off runda sto eg og Steinar heilt inntil gjerde å vinka som 2 helta til våre "helta"...hehe...eg gjor ivertfall:)
Onsdag var det tid for shop 2 U drop på Jessheim Storsenter. Vi fann oss masse fint, og som nevnt tidligare fekk eg meg sånn kul jakke som Pauline, og sikkert 1/2 fjortis Oslo har. Men også unge trendy DAME. Kanskje eg skal herme etter lisje søstra mi sin blogg ( http://mmei.blogg.no/ )...fashion raport from Rudveien 8 calling the WorldWideWeb :) Mamma hadde allerede shoppa på Skedsmo senteret, ho driver å beiser huset heime, so ho måtte ha seg beiselønn. Ei flott skinnjakke!! Men Ho fann seg litt til, Steinar fekk seg også shopping gåve. Etter å ha kosa oss i mange timar og ete pannekaker med blåbær på susa vi tilbake i radiobilen. Johannes er en drøm å ha med seg, sit i vogna å berre ser og kosa seg. Ikkje en lyd.
Steinar skulle på landskamp, Norge - Frankrike med gutta, so ej og mamma kosa oss heime med frosenpizza og smash.
Det var omtrent det vi har styra med. Har litt prosjekt å styre med framover, så har nok å finne på, å spesiellt no når eg har fått meg symaskin!!
Å som mamma sa idag; "Man får meir av det man dyrkar..." Så då har eg tenkt å dyrke kjærleiken, dei positive tankane og kreativteten !
I LOVE YOU ALL

torsdag 5. august 2010

Vi reiser på ferie til eit anna land...

...nærmare bestemt Svergie. Vi fann eit koslig hotell litt utafor Gøteborg. litt over 3 timar kjøyretur frå Rudveien 8. Perfekt! Steinar kjørte heile veien, å det betyr at det går mykje bedre med han. Vi hadde booka 2 netter på eit EKTE hotell faktisk, med basseng og leikerom.

Etter å ha sjekka ut romma, bestemt kven som skulle ligge oppe og nede i etasjesenga tok vi bussen ned til sentrum. Genialt. 4 stopp så var vi midt i kjerna. Vi gikk litt gjennom gatene å fann oss en restaurant for å ete mat. Uten mat og drikke, duger helten ikke...å det gjelde for heltane frå Rudveien 8 også.
Vi kosa oss i sentrum, og det var veldig deilig å kome seg vekk litt. Sjå på folk, bygninga, ta en kaffi 2 go, kjøpe is i sola, kose seg:)


Gøteborg hjulet - dit skulle eg og Thea!


Her står vi i kø...inni ei sånn lita dinglande boks skulle vi....



Her er vi på toppen...utsikt over heile Gøteborg!!




Pappa sine 2 søte jenter :)


Heilt oppå toppen der var vi!!

Eg glømte Hinkel Pinkel i bilen, favorittbamsen til Johannes, å han nekta å sove uten den. Så vi for innom en leikebutikk, der han fekk seg en stor Hinkel...den fungerte. Men han slapp den store ganske fort til fordel for den gamle gode. Her kosa han seg i hotellsenga med begge 2.



Etter bading, leikerom og mat på restauranten (var open til 23.00!) so var det god natt...Vi har begynnt på den 2 boka vi kjøpte, "Svein og Rotta og Kloningen", og den er veldig spennade. Så ej låg oppi senga å las til alle 4.


Dagen etter var det klart for LISEBERG. Vi tok buss og trikk ned, og stilte oss i verdens lengste kø virka det som, ivertfall når sola steikte kl 12, unga, folk, mas, svolten, kan vi det? skal vi det? Men vi kom oss inn, og etter å ha stått i enda ei kø for å få kjøpt billetta var vi klar! Å alt gikk liksom mykje lettare når vi hadde fått litt oversikt og alle hadde fått prøvd en ting. Heldigvis var Thea og Ole Kristian for små til å ta dei tinga med lengst kø....men dei var veldig flinke til å stå i kø der dei måtte. Egentlig heilt utrulig...

Ole Kristian har akkurat ete ein stor sjokoladeis, og er klar for verdens største smokk. Er det ferie, så er det ferie.


Vi storkosa oss på Liseberg!


Pappa fungera veldig fint som karusell for den som er aller minst....


...å det er ivertfall like morsomt!


Snilde og tolmodige Johannes. Kosa seg i nye reisetrilla si som vi hadde kjøpt før vi for på tur.

Lisebergbanen. Den tok eg og Thea, å då hYYYlte vi begge 2....


Den som ventar på noke GØY, ventar ikkje forgjeves....


Etterkvart blei det mindre og mindre folk, og mindre kø. Så då tok dei dinne oppatt og oppatt. Her har dei fått eit sete med plass til 2. Ole Kristian helde seg fast, mens ei litt meit modig storesøster vinka...


Parken var veldig fin og koslig. Var selfølgelig veldig mykje folk der, men det gikk bra. Vi fann oss en plass å ete uten problem, å bestillte tacotallerken. Genial og god mat. Etter is, smokk, brus og sukkerspinn fann vi ut at vi skulle ta "familiebilde frå gamledager". Vi fekk på oss gamle klede heile gjengen. Steinar var sheriff, Ole Kristian og Johannes cowboya og ej og Thea fine damer. Å vi syns det var veldig artig å få kle oss ut, fekk både hanska og pistol. Damene som jobba der var veldig flinke, og meinte at ungane våre måtte vere Lisebergs gladaste barn! Å det er ikkje verst!!

Livet i Rudveien 8, eller Livet på Prærien...:)



21.30 gikk vi dansande ut av parken. Smilte for meg sjøl når vi gjor det, vi må no vere akkurat slik Liseberg vil framstå. Som ei levande reklame. Etter 9,5 tima i en fornøyelsespark med 3 unga midt i høgsesongen dansa vi oss mot trikkeholdeplassen. Perfekt!

Siste dagen starta med ei dukkert på Thea og Ole Kristian. Seinare sjekka vi ut, å reiste til sentrum der vi skulle besøke noke som heite Universum. Eit stort senter med fiska, dyr, utforsking, ein ekte regnskog...og mykje meir som vi ikkje såg på. Men der var mykje spennande fiska å sjå på, og vi kom akkurat tidsnok til mating av haiane!! I en anna del hadde dei laga ein regnskog der dyra gikk rundt fritt (!). Apene hang frå trena, krokodille og slanga... Men ej og Johannes gav opp. Etter å ha humpa oss ned ei trapp, og Johannes hadde allerede fått tid til å ta med seg nokre smaksprøve frå eit palmelignande tre, so bar vi vogna oppatt. Å tok heisen. Men då var det tid for å få opp blodsukkeret på alle mann...svenske køttbullar blei redninga.
Thea og Johannes utforska havbotnen mens torskane svømte rundt dei...

En stor sverdfisk...:)


Vi måtte selfølgelig stoppe på Svinesund å kjøpe smågodt. 3 kg til sammen!

Slitne etter en veldig koslig ferietur!


Vi hadde nokre veldig flotte daga i Gøteborg, sjøl om det var berre 3 daga så fekk vi mykje ut av dei. Men med snilde unga, nok mat og drikke, en ekstra stor porsjon kos, høgtlesing før man sovna, karusella, mange nye inntrykk, sol, kaffi, kyss, bade basseng, svensk glass, ubegrensa mengder med smågodt, Super Monica og Super Steinar som har full kontroll på alle 3 små, og kvarandre til ein kvar tid, då kan det vel berre bli koslig då...?

fredag 30. juli 2010

Folkeparken...

Etter å ha sjekka yr.no fann vi ut at vi måtte fare på Hunderfossen på tirsdag, det var den einaste dagen med sol. Ivertfall så langt som langttidsvarslet viste. Tone og Amund ville gjerne bli med oss, å i same slengen booka vi eit familierom på Hotel Siljan på Løten.
Når vi kom fram til Lillehammer sin store sommar attraktivtet forsto vi at det var ikkje berre vi som hadde sjekka vermeldinga. Parkeringsplasskø, og vi frykta det var meir kø i vente. Og det var det, men vi hadde med oss 4 stk eksemplariske unga, ikkje EIT ord om kor kjedelig kø var. Trur nesten vi voksne var dårligare til å stå i kø.

Mange år sida eg var på Hunderfossen, einaste eg huskar er trollet, og det var der forsatt. Å bilane man kunne kjøyre, med ekte trafikklys! Mens Tone, Steinar, Thea, Ole Kristian og Amund sjekka ut prinsesse slottet satt eg og Johannes å såg og hørte på alle folka som var der. Å det var MYKJE rart å sjå, og høyre. Berre synd eg satt der aleine. God humor. Men eg såg en "kjendis" også...; "Måååå nooo draaage nooo dåååå..." høyre eg ei velkjent stemme bak meg..."Fååår ej kjøyre Graaanadaaa, jaaadaaa..." Mhm...Arthur Johan him self, dvaskfeite i baroverkropp med halvlongt hår so sto å heia på døtra si som drog tau. Å bak han sat han tynne med trekkspel og skinnbrokj (brokj er eit gammalt uttrykk for bukse...) ialg med familiane sine. (Han hadde ikkje på seg skinnbrokj, eller trekkspel no viss du lurte på det). Eg berre smilte for meg sjøl, å tenkte at ditte er parken for folk flest, dei tjukke og dei smale. Dei normale og dei rare.


Kommentar av en mann som gikk forbi; "Steik! tenk å bygge seg eit slikt hus! " Svar frå sidemannen: "Jaa...men tenk for eit pirk å male da..."
Masse folk, og nydelig ver!


Thea leda ann køa...


Ole Kristian lure på å ta ei forbikjøyring..på feil side...

Trafikkkork:)


Kjærstepar på tur...skarpt lys for Steinar;)


Amund og Tone skulle kjøyre radiobil, og Amund var litt hard på gassen å kjørte rett inni en stolpe. Å Tone fekk trykt foten inni bilen...men trur det gikk bra:)


Eit stort og eit lite "troll"...:)
Eg og Thea skulle prøve noke som heite Trollfallet. Vi gikk gjennom en gang med troll som banka og slo i veggane. So kom vi fram til en heis der vi blei spent fast. Det blei HEILT mørkt, å so datt vi monge meter ned...som du ser blei vi skremt ja! Vi måtte berre kjøpe bildet!!


Thea tok vikingskipet heilt aleine!


Johannes storkosa seg med masse action rundt seg. Neste år springe han vel rundt å skal prøve alt mulig...gler meg:)


Ei lita pause i bakken. Amund skulle absolutt "ikkje bli med" på bilde.

Etter en longe, men veldig koslig dag kjørte vi på MacDonalds avd. Lillehammer. Derfrå kjørte vi til Løten. Ole Kristian lurte på kvar hotellet var hen, og forsto ikkje heilt når vi sa vi skulle sove med Tante Tone. Der skulle dei absolutt bade før dei la seg. Dei har eit stort basseng i hagen, men med ISkaldt vatn. Men ein liten dukkert blei det...
Dagen etter skulle vi til Sætra å besøk Bestefar og Frøydis. Å det var nydelig ver!! Heilt fantastisk å vere på sætra, eventyrlig landskap. Nesten som du kan sjå for deg Espen Askeladden, eller han med sjumilsstøvlane som flaug over dei flate fjella...

Spekemat og pølser, og fruktsalat til dessert.

Saue sanking:)

Bror og søster


Rabarbra "tre"...

Johannes kosa seg i graset:)


Smake litt kanskje...?:)


Vi overnatta på Hotel Karlstad, og det var som alltid veldig koslig. Dagen etter for vi til Mor, der vi fekk servert vafler med nyrørt sylte! Mmmm...å som med dei aller fleste gamle folk, er dei redd for at vi ikkje får i oss nok mat, eller at vi ikkje likte maten. Så der var det berre å ete, å hadde du vafle på fatet, så måtte du berre legge ei til der. Men godt var det!
Etter vår vesle ferietur kjørte vi tilbake til Rudveien 8. Steinar har vore på kontroll idag (fredag) Å det såg bra ut, og alt er går rette veien, men dei har forsatt ikkje funne ut kva som gjer det. Men vi får berre ta tida til hjelp. Skal fortelle dokke herlige folka mine kva som skjer. Veldig koslig at dokke lese bloggen, og fylge med på livet vårt. Då er det enda meir koslig å skrive...