...ikkje det nei. Her på Sunnmøre so snakka vi ofte om veret, alltid når ej ringe heimatt til mamma so snakka vi alltid om ka ver vi he. Men det ekje so rart at man snakka om veret, anna enn at det eit greit samtaleemne når man ikkje ha anna å snakke om...men her oppe skifta veret fortare enn vi klare å registrere at det he vore sol før det snøva igjen...
På mandag for ej og Johannes til Ulsteinvik for å møte Marita og Gabriel. Ej og Marita gikk på vidargåande ilag, å ej hekje sett ho på mange år. Takk og lov for Facebook. Vi kjørte bilen til Marius, med defekt eksosanlegg. Bråka noke inni granskauen..minte meg nesten om mine tidligare råne daga på Hareid.
Etter koslig prat og god mat trilla ej og Johannes rundt om i vik å kika litt i butikka. Å det snøva, sola kom, det regna, og so snøva det igjen! Men vi traff masse kjekke folk.
Når eg var ung, og lovande, var eg med i Hareid ungdomsråd. Der gjor vi masse kjekt, laga til arrangement og starta ungdomskafe, men hadde ei veldig dyktig dame som hjalp oss. Full av energi heile tida, å ho er no senterleder på eit av kjøpesentera i Ulsteinvik, so ej måtte berre inn å sei; Hei! Å gjett om ho blei glad for å sjå oss! Kjekt! Å på vei ut traff ej på Maria, ho har Downs Syndrom, og har fyllt meg/oss alle trinna på skulen, vore med i korpset og alt anna vi styra med. Ho er veldig glad i baby'a og smelta heilt når ho fekk lov å klappe på Johannes som sov i vogna.
Når vi kom heimatt kom Elisabeth og Aleksander å åt middag ilag med oss. Vibeke er på ferie med mora si, so ho kom opp en tur. Der fekk vi servert kaffi og karamell pudding av den koslige servitøren som jobba her ved mormors kro. Må huske å legge igjen noke tips når vi sjekka ut neste mandag.
Tirsdag våkna vi til SOL og BLÅ himmel! kor deilig...men kvitt på markane. Men vi skulle trille til Hareid å møte Renate og Patrik, so fint ver var perfekt for oss. Godt nedpakka i vogna og ej med hue på toppen trilla vi glade til Hareid. Vi var innom en tur på kirkegården og "helste" på dei der, før vi trilla til Renate. Ho hadde laga nydlig pastasalat, og Patrik var en skikkelig go'ing som ville veldig gjerne leike med Johannes, men var litt vansklig å forstå at han var for liten.
Å på mormors kro var det stekt fisk til middag. I Maria sin konfirmasjon var oldefaren hinna der, å han er 94 år og kjøyre bil! Når ej spurte ka hemmligheten var fortalte han at han hadde en fiskebåt som han for ut med kvar dag, og hadde det ikkje vore for den so hadde han ikkje vore her idag sa han. So ej konkluderte med at fisk og frisk luft måtte vere oppskrifta.
Å idag oppdaga vi også at Johannes he fått ei tann!!! Jippi! Store guten til pappa og mamma:)
Steinar kosa seg i Rudvegen 8, å he tilogmed henta posten! Han he hatt en del å gjer på jobb ang varetellinga, men er positiv som ei sol, sjøl om det er tomt å kome heimatt til stille hus..men då berre tæ han eit par kyss frå krukka i hjørneskapet, laga seg middag og blir bedre kjent med sofaen:)
Sjøl om vi bor her på Mormors kro har vi opplegg nesten kvar dag. Imorga skal vi trille til Hareid, viss veret held seg, å besøk mamma og guten ho "passar". Gustav. Han gler seg veldig til å vise meg og Johannes Vassendgutane filmen sin. Å vi gler oss vi også!
Super koseligt å ha besøk ta dokke!! Dei vekse so fort krabatane våre at det e skummelt!! Johannes tek vell strax igjenn Patrik! :) Gleda oss til å treffe dokke snart igjenn.. Kyss klapp å klem :)
SvarSlett