lørdag 12. juni 2010

Fredag i Rudvegen 8

Då var det endelig fredag. Sjøl om eg er heime kvar dag, og helga er meir etterlengta for dei som er heime, so ser ej fram til helga. Då er Steinar heime også, og vi lar helgekosen synke innover oss. Viktig å kose seg. Å dinne helga skulle Thea og Ole Kristian kome.

Brune og fine etter å ha vore i Kypros ei veke.

Men først var det tid for barseltreff. Sia det pøsregna tok vi radiobilen opp til Elisabeth og Daniel. Der fekk vi nydelig pai og salat. Og so laga ho vafle til oss. Har sagt det før, men vi er en herlig gjeng. Ej og Camilla låg omtrent oppi sofaen mens Elisabeth styra, vi har blitt godt kjent med kvarandre, og kosar oss veldig ilag. Vi har det veldig avslappa når vi er med kvarandre, og prater om alt mulig. Mange barselgrupper som ikkje fungerer, skal litt til for at kjemien er der, men vi har vore veldig heldige. So eg har fått meg 2 gode venninder:)

Gutane våre leikar fint ilag.

Steinar henta Thea og Ole Kristian i Hamar, og plukka opp Bestemor på veien. Ej laga lasagne med salat, kvitløksbaguetta og gresk dressing. Etter middagen fekk vi besøk av Marit, Per og Pia. Tanta, onkelen og syskenbarnet til Steinar. Dei arbeider i Oslo, so pendler mellom Hamar og Oslo i helgane.

Når det var tid for kveldsmat hadde Steinar satt sammen stolen til Johannes. So fin! So då kunne alle ungane ete kveldsmat ilag. For en herlig gjeng. Johannes kosa seg veldig når dei er her, ser på dei på ein heilt anna måte enn når det er voksne her. Dei synes det er veldig stas med en liten søte lisjebror, og er veldig flink til å kose og leike med han. Ej og Thea bada han før han la seg. Og alle 3 ungane sovna søtt mens vinden og regnet herja utafor...

Steinar og Ole Kristian lagar til stolen til Johannes.

Alle 3 ungane "våre":)

Flinke å ete, og godt med graut og litt fruktmos. Men var veldig spennande å sjå på dei 2 andre.

Bestemor og Ole Kristian

Idag er det laurdag her, og det øs pøsa ned. So det er inne dag. Vi har gjort lekser, tegna og spelt lære spel på dataen. Vi er pedagogiske her i Rudvegen ja....:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)