fredag 2. juli 2010

Sola fann veien hit også!!

Endelig kom sola til Hjørungavåg også. Å ingen vind...å då er det ingen finare plass å vere i heile verda. Som Ivar Åsen skreiv i mellom bakkar og berg;
Når liderne grønkar som hagar,
når det lavar av blomer på strå.
Og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen plass venare sjå.

Lisje brosjan har fått 2 tenner nede, og no har han snart 2 oppe. Han har vore fin form, men onsdag kveld merka vi at han var varm og slapp. Ikkje seg sjøl i det heile tatt...
Å han ville ikkje sove om natta, berre kose med meg og sutre litt. So ej for å kjøpte febermålar og paracet om morgonen. Å heile dagen var han slappe, og ville berre kose. Ekkelt når han er slik, men tenkte det måtte vere pga tennene. Natt til fredag blei han litt bedre, og sov heile natta..,men for sikkertheits skyld for vi ut til doktoren, å selfølgelig var han mykje bedre då. Typisk:)
Men han he blitt mykje bedre, og blitt meir og meir lisje Johannesen som vi kjenne. Det var tennene som ga han feber, og doktoren såg 1 tann til nede, so 5 tenne og 7 mnd;)
...So begge mine go'inga he vore med doktoren. For Steinar har visst fått katta på aua, også kalla auekatar..;) Får håpe han blir friske fort, viss ikkje må vi leike doktor og pasient på søndag....;)

Godt å kose med mormor når man ikkje e heilt i form...

Vakre Hjørungavåg:)


Når det blir fint ver må vi nytte oss av det so fort som berre mulig, for det kan forsvinne like fort som det kom. Å Marius er ikkje vanskelig å be når det gjelde god mat og grilling.


Vi laga salat, potetsalat og nydelig gode grillspyd med kylling, biff, løk, squash, paprika og champignon. Mamma gikk berre å surra rundt når vi hadde tatt over kjøkkenet hinna...;)


Grill kongen Marius:)Mmmmmmmm...sånne skal vi lage i Rudvegen 8 også:)



Bjørn kom heimatt frå Grønland, å då hadde han bestillt seg kaffimaskin som sto klar til å bli henta i posten. So då var det slutt på traktekaffien på Bautevegen 39, er slik når man får smaken på "skikkelig" kaffi...;)

Idag er sola vore her, men i skrivande stund er ho vekk. Marius skal på grillparty og på dans med Vestlandsfanden på Hareid Hotell. Mens vi skal kose oss her heime, kanskje vi fæ besøk av ei tante eller 2:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)