tirsdag 7. september 2010

Klossa i posten:)

Laurdag var eg invitert i 30 års selskap til ei Kiwi venninde av meg. Første gongen eg skulle ut skikkelig på lenge, so lenge at eg kan ikkje huske sist gong...
Steinar var klar for å passe alle 3 kidsa:) Dei hadde vore å leigd film, so det skulle bli veldig kos!


Mammica pynta og klar for fest. Tog toget inn til Oslo:)
Eg og Lene Monica, the birthdayGirl :)
På dagen var vi en tur på leikeplassen i fine veret.
Litt molefonken Thea får trøst av Pappaen...
Aldri for liten til å leike...:)



*Vooooosj *

Happy Ole :)


Brosjan fylgte godt med:)
Søndag den gikk i kvile og kos.....;) Men alle ungane hadde vore so snilde og flinke på laurdagen. Brosjan hadde savna meg litt ei periode. Han bruka å våkne til eit fast tidspunkt å vandt til kos og pupp. Men det hadde gått bra til slutt. Super Pappa ordna:)

I posten hadde Johannes fått en pakke. Den kom på laurdag, so vi måtte til posten på mandag å hente den....
Som nevnt tidligare har Johannes vore sjuk, so vi bestemt å fare til doktoren på mandag. Han var so flinke og god! Fekk sjå inni øyra hass, lytte på han og inni munnen. Han hadde litt tendens til bronkitt, men det var so lite at legen ville ikkje medisinere han. Men blei han verre skulle vi kome tilbake.
Å etter å ha vore so flinke med doktoren er det på sin plass å få gåve. Å då var det bra mormor hadde sendt en sånn fine pakke!"Ehh...ok? Å ka er ditte Mamma?"
Men klossane fallt i smak......bokstavlig talt:)
Men etter ei lita stund blir leikene for kjedelig for han veit noke som er enda meir spennande. Berre synd eg har knytt en tråd slik han ikkje skal klare å åpne.
...Men han har funne ei åpning. Handa mellom å drege koppane heilt ut på kanten!!Hehehe...

:)

1 kommentar:

  1. Luringen min:) passa bra med pakke,etter ein tur hos doktoren...:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)