søndag 31. oktober 2010

Halloween:)

Fredag kom Thea og Ole med toget ilag med Steinar. Eg og Johannes hadde kosa oss heime, han var ikkje heilt iform. Trur han var låke i magen, so han fikk sviskedrikk. Å hallo...det skal eg minne han på når han blir større å får servert sviskekompott til dessert; At når du var liten so elska du sviske. Han drakk og drakk...hehe. Å det kom ut igjen også. Men etter ny bleie og søvn so var han back in business:)



Søskenkjærlighet - dei flira her, men slost egentlig om ei prompepute:)








Å plutslig hadde brosjan fått på seg kjole (!!). Var Steinar som hadde putta på han Thea sin kjole...men han var no ganske so skjønn ikkje sant?



Seinare på kvelden so skulle Thea og Ole kle seg ut som Lucifer og heks. Vi hadde vore på Nille å kjøpt kostyme, men neste år skal eg sy kle med maskina mi...Det blir spennande:) Men eg skulle bli med dei, gå litt bak og passe på. Det er egentlig ikkje Halloween før idag, søndag, men dei skulle få gå idag. Å det var veldig koslig det, å alle har ekstra laurdagsgodt på laurdaga...;)


Knask eller knep....?


Kveldens fangst...:)

Veit ikkje kva vi syns om Halloween egentlig. Er berre enda ein måte for næringslivet å tjene penga, å so skal ungane gå rundt å kle seg ut å spør etter godteri uten å heilt forstå kofor. Eg fortalte Thea og Ole at når vi var små gikk vi julebukk, og dei var enige om det var mykje kjekkare og snildare å skulle synge til folk for å få godteri, enn å berre spør.....men slik er då blitt, og eg og Steinar har "mata" alle naboungane ikvelde med restane av godteriet som Thea og Ole ikkje klarte å ete opp idag....hehe...:)

Men lyktene er tent ute, og vi kosa oss inne i haustmørket :)

Ha ei god veke alle sammen....og du? kos deg med blogginnlegget mitt under ditte:)

Ei minnerik og koslig tid er over, ei ny og spennande er i vente...

Då er siste dagen i permisjonen min komen. Tenk eg har vore heime i eit år. Eit heilt år har eg fått gjort akkurat det eg ville, uten å måtte tenke på jobb. Kun min, vår kvardag har vore viktigast for meg. At vi 3 + 2 skal ha det bra. Å gjett om eg har kosa meg, og gjort det eg ville. Det blir feil å sei at kun 8 desember forandra livet mitt, sjøl om det var den største dagen i mitt liv. Men då eg traff Steinar visste eg at han var den rette for meg, ingen ser meg slik som han gjer, og vi passer som hånd i hanske for kvarandre. Vi er forsatt flinke til å kysse, faktisk so flinke at Johannes har lært seg *smaske* lyden, og vi prater om alt vi tenker på. Det er viktig å dele tankar, uansett om dei er rare, herlige, triste, bekymringsfulle, strenge, glade, meiningslause, eller om du kun tenker på om spøkelse tørkar støv. Med Steinar fylgte det med 2 herlige bonusar, Thea og Ole Kristian. Dei har krøpe langt inni hjertet mitt, og vil vere der for evig og alltid.

Men i mars oppdaga vi noke som kom til å gjer oss enda meir avhengige av kvarandre, bedre kjent og tryggare. Vi venta en liten gut, ikkje at vi visste det var en gut før han kom 8 desember. Men det var 9 spennande, og flotte måneder. Å i løpet av dei månedande solgt vi Steinar si leilighet, og flytta. Hit, til Rudveien 8. Ditte huset skulle bli vår nye heim. Etter visninga so låg vi i senga å drømte høgt, "det kan vi gjer, åååjaaa...det var fint, såg du lysa i taket?trappa?hagen..`tenk viss vi kunne få det huset?" Men vi turde ikkje håpe for masse. Det er so lett å bli skuffa. Men vi er fornuftige, og hadde såtte ei grense på kor mykje vi kunne låne, og samtidig leve godt. Å den dagen vi vann budrunda, då gikk vi på Aker Brygge å feira! Skulle egentlig ha spretta Don Pergnion 2002'en vår, men vi for spare den til ei anna anledning, trur ikkje Johannes hadde syns det hadde vore like kjekt med champagne:) Å so flytta vi med god hjelp frå alle vi er glad i. Første mamma sa når ho kom hit var; "Her er det godt å vere"...å det er det. Her er ei ro, og en varme som eg håpe alle føler når dei er på besøk med oss.

Eg huska 8 desember som det skulle vore igår, sjøl om det snart er eit år sida. Men eg skal ikkje utbrodere om fødselen min her for dokke...det kan eg fortelle om ein anna gong, eller dokke kan kome til Rudveien å lese i den flotte boka eg har laga til Johannes. Den er eg glad i, og håper Johannes blir like glad i den...


Eg og Johannes...10 minutter etter han var født. Eg elska ditte bildet...:)


En veldig stolt og glad pappa:)

Frå so liten til....

....so stor på kun 1 år (eller rettare sagt 11 mnd...)



Å so over til permisjonstida mi. Ja kvar skal eg begynne? Eg føler eg har brukt dinne tida godt. Eg har hatt masse prosjekt som eg har gjennomført og lært meg masse nye ting. Innteresert meg for ting eg ikkje har hatt tid til oppdage før no.

Her ser du eit lite utvalg av mine prosjekt. Eg har fortalt om dei før..men berre slik at du skal bli imponert so kan du få sjå dei en gong til.



Dei siste dagane har eg tenkt på alt eg har fått gjort dinne tida. Og eg har ikkje tenkt på det eg ikkje har fått gjort, for det veit eg heilt ærlig ikkje kva skulle vore. Eller ja, 2 ting. Eg skulle reist til Bergen å besøkt Marius og Synnøve, og vi skulle reist til Trondheim. Men det siste gikk ikkje som planlagt då Steinar måtte på sjukehuset...
Men blir også feil å sei eg, for Johannes har vore med meg på omtrent alt. Om han sove i vogna, vore i bilen, på arma, på fanget, på treningsmatta. Han har vore med meg 24 tima i døgnet, og eg har elska kvart eit sekund. Vi har vore på mange tura heime til Hareid, der vi har kosa oss med mormor, Besta, bestefar, gamletantene mine og vennindene mine som er på Hareid med sine unga, har trilla att og fram til Hareid. Slik som mamma gjor med med meg og Marius. Og til Hareid har vi tatt fly, so Johannes er allerede bereist. Vi har trilla tur i snøv, regn, vind, sol, hagl, skodde, ja uansett ver har vi 2 vore ute å lufta oss. Vi har blitt kjent med området vi har flytta til, snarveier, hus, leikeplasser, postkasser, hunda og kaniner. Eg har oppgradert strikkesertifikatet mitt frå 1 til 5 (på en skala til 10...), vi har vore i Oslo på shopping og cafe. Besøkt Kiwi kollegaer. Blitt kjent med 3 fantastisk herlige jenter som er mødrene til kompisane til Johannes, men også har blitt mine venninder, Elisabeth, Camilla og Silje. Kven andre hadde gadda å hørt på bæsje bleie, graute og amme prat? Vi har innredd rommet til Ole og Thea, sydd puter og gardiner opp, pussa opp rommet til Johannes med verdenstapet og Ikea stuff. Vore superMOM for 3 stk og superWOMAN for min Steinar som ikkje har vore heilt i form sida i sommar. Laga fotoalbum, arrangert navnefest med heimelaga bordkort og tale, framkallt bilde og sendt til mine nære og kjære. Vaska huset sikkert en milliona gonga med alt det innebere, pussa opp 2 kommoda, mala seksjonene og skifta knotta på alt. Kosa med Johannesen min, lært han å kjenne som liten og på vei til å bli stor, gitt han sitt første leve år med all den kjærligheten eg kan på noken måte gi, og det er ikkje reint lite :)
Å so har eg gjort noke, som eg selfølgelig skal forsette med...å det er å fortelle dokke min herlige alt vi finne på her i Rudveien 8. Å for å ikkje å gløyme at eg sikkert har tatt over 1000 bilder det siste året, her er eit liiiite utvalg av det siste året....

Store Steinar på sjukehuset i sommar, men Mini Steinar på besøk :)

Bryllup til Yvonne og Jan Ove. Kjærstepar vi...å kor vi kosa oss:)


Familien:)



Thea og eg på ferie i Gøteborg:)

Eg elskar deg for alltid...

Alle sammen samla for å feire Johannes

Ut på tur i vinter

Snøvhule bygging med Pappa. I år kan Johannes også bli med:)

Badeløva vår...

Liten og god. Å like blid som no...

Mamma er verdens beste for alltid...

:)

Trygt å sove med Onkel...

Eit av dei første møta med barselgruppa...
Dei blir større....
...og store:)

Cowboyen vår heime på Hareid:)

På fanget til Besta

Foran meg her eg sitte å skrive har eg ei magnettavle, og der har eg hengt en lapp eg fann for ei stund sida. Den er skreven 13/4-2008. Det er ein lapp eg skreiv etter at eg og Steinar diskuterte om vi hadde ei liste over alt vi skulle gjer i løpet av livet, før vi blei 100 liste...Å på dinne påbegynnte lista står det 13 ting. ( Sida eg ikkje kom på fleire ting, må ditte vere dei ting eg har mest lyst til i heile verda....)
1. Prøve paragliding
2. Hoppe i fallskjerm
3. Ta motorsykkel lappen
4. Dykkerkurs
5. Få mitt bilde på trykk
6. Tjene min første million
7. Kjøpe meg en Bmw Cab
8. Lære å surfe
9. Fare på kvalsafari
10. Gifte meg
11. Skrive ei bok
12. Reise til Kina
13. Bli mor
....å det er nok ikkje i prioritert rekkefølge, men sikkert det første som slo meg der og då.
Men eg har ikkje tenkt å skrive ei ny liste, den skal få bestå, men kanskje eg skal legge til eit par punkt etterkvart. For etter man blir mor, får sitt eige hus og finn drømmemannen, so kjenne eg at prioriteringane og ønska, og det som er viktig i livet blir forandra. Så eg trur eg skal droppe motorsykkel lappen ivertfall, viss ikkje 40 års krisa tar meg om 13 år? På ein av veggane våre har vi 4 bilder; eit av Johannes, eit av Thea og Ole, eit av eg og dei 3 kidsa og eit av meg i russedress. Kontrastane er store frå å vere fri som en hippigris på vei mot eventyret i horisonten, og som "3 barnsmor". Men eg ville ikkje vore foruten noken av delane, alt eg har gjort gjer meg til den Monica'en eg er idag. Og for at eg er den eg er har eg fått ein fantastisk mann og verdens søtaste, og blidaste Johannes.
Men viss eg skal klare nr 6 og 7 på lista mi må eg ut å jobbe. Å det likar eg. Bruke haudet mitt, utvikle, tenke, skape, vere med på laget. Så imorga er slutta på ei herlig og koslig tid, og begynndelsen på ei ny, lærerik og spennande ei. Å eg merkar på Steinar at han gler seg masse til å få lov til å vere heime å styre og kose seg med Johannes. Å det unner eg han av heile mitt hjertet.

torsdag 28. oktober 2010

Oppi skuffa...

Sjå ka ej fann Mamma....!!
2 min i kjølskapet, og han hadde funne ein paprika og tok 2 -3 bita som han smatta på...:)
Når eg skal dusje eller fikse noke som Johannes ikkje kan bli med på bruka eg å la han vere inn på rommet sitt slik han kan leike seg der inne...Eg veit der ikkje er noke farlig, og han romstrera og leika seg. Men plutslig hørte eg en lyd eg ikkje hadde hørt før, rasle lyd. Å då åpna eg døra, og blei møtt av ditte synet. Er ikkje han skjønn!! Åpna skuffa heilt aleine, krabba oppi og kasta kleda, rasle lyden var sparebøssa hass som ligge oppi der...:)

Hei Mamma:)


...vil ut til deg...

...Skal vi sjå om eg fæ det til....

..ehh...litt vansklig med dinna andre foten...


....Ååååee...mamma hjelp meg da....

...eller no klare eg det sjøl...

...yeah...yupsidooo...




..Her kjeme eg :)




Verdens søtaste Johannes :)

onsdag 27. oktober 2010

Muttern fyller 58 år:)

Endelig helg :) Og då må vi kose oss litt ekstra...sjøl om vi er veldig flinke til å kose oss mandag, tirsdag, onsdag og torsdag også. Sida Elisabeth hadde bursdag på søndag skulle vi kjøpe gåve til ho, og Steinar har eit gavekort frå GlasMagasinet som brenne i lomma....so vi for til Jessheim StorSenter for å shoppe litt. Vi fann ullundertøy til Muttern, som ho ønskte seg. Steinar meinte det var kjedlig gåve, men ullundertøy er veldig kjekt å få viss man ønsker seg, ivertfall kjedlig å kjøpe sjøl. Ikkje at Steina har måtte kjøpt ullundertøy til seg sjøl so mange gonga.....



Til middag skulle vi prøve å ha tapas! MMMMmmmm...å vi skulle prøve å finne alt vi "trengte", hadde lyst på på Kiwi. Man tenke automatisk at dei har kun det du trenger, og at man må på en Meny eller en delikatesse butikk. Men tru det eller ei...Kiwi slutta aldri å imponere;)

Vi fekk tak i kylllingklubbe, Tapas kjøttbolla i tomatsaus, parmaskinke, potet i saus og so hadde vi tomata, paprika, gode salatblad og avocado til. Det einste vi mangla var eit ekstra godt brød, og en god aioli. Men med en fantastisk rødvin mens vi laga til mat,og fantastisk herlig selskap, kvarandre, og masse stearinlys blei kvelden perfekt....

Tapas ala Rudveien 8



Søndag kjørte vi opp til Hamar. Thea og Ole Kristian skulle vere bøsseberera for Tv aksjonene, so dei kunne ikkje bli med oss. Men vi skulle no kose oss for det. Vi for litt før slik vi kunne få litt ekstra aleine tid med Bestemor.

"Ride ride ranke til møllerens hus, der var ingen hjemme. Bare en liten pus:) "



:)

Vi kjærsta oss mens vi venta på resten, og Johannes leika med bestemor...

...og kosa med pappa.


Bestemor og Amund. Ho fekk masse fint. Her har ho på seg eit skjerf frå systra si, Marit. Ho og Pia hadde akkurat komt igjen frå India same dag.


Bestemor har masse spennande leike.

Mor (Farmora til Steinar) hadde laga bløtkake til Elisabeth. I bakgrunnen ser du Besse, og Tove som er tanta til Steinar. Ho og Onkel Arne bor i Bergen, men var på besøk dinne helga for å besøke Mommo som er på sjukehus og Besse som bor i aldersbolig.


Amund har fått lånt skjerfet og hua mi. Ser ut som en Araber i ullkle;)


Johannes får graut av tante Tone.




Her har en sliten og trøtt Johannes sovna inntil Tante Tone. Han var so sliten etter all oppmerksomheita, og so var han ikkje heilt i form. Men å sove inntil tante var veldig godt...



En heilt vanlig mandag i Rudveien 8...



...slapp off i sofaen, med kvar sitt MEGA kake stykke av Mutterns Verdens Beste.

Som du ser so kosa vi oss like mykje mandag som laurdag...ha en forsatt fin kveld, so skal ej legge ut nokre artige bilder av Johannes klumpen snart...:)