søndag 31. oktober 2010

Ei minnerik og koslig tid er over, ei ny og spennande er i vente...

Då er siste dagen i permisjonen min komen. Tenk eg har vore heime i eit år. Eit heilt år har eg fått gjort akkurat det eg ville, uten å måtte tenke på jobb. Kun min, vår kvardag har vore viktigast for meg. At vi 3 + 2 skal ha det bra. Å gjett om eg har kosa meg, og gjort det eg ville. Det blir feil å sei at kun 8 desember forandra livet mitt, sjøl om det var den største dagen i mitt liv. Men då eg traff Steinar visste eg at han var den rette for meg, ingen ser meg slik som han gjer, og vi passer som hånd i hanske for kvarandre. Vi er forsatt flinke til å kysse, faktisk so flinke at Johannes har lært seg *smaske* lyden, og vi prater om alt vi tenker på. Det er viktig å dele tankar, uansett om dei er rare, herlige, triste, bekymringsfulle, strenge, glade, meiningslause, eller om du kun tenker på om spøkelse tørkar støv. Med Steinar fylgte det med 2 herlige bonusar, Thea og Ole Kristian. Dei har krøpe langt inni hjertet mitt, og vil vere der for evig og alltid.

Men i mars oppdaga vi noke som kom til å gjer oss enda meir avhengige av kvarandre, bedre kjent og tryggare. Vi venta en liten gut, ikkje at vi visste det var en gut før han kom 8 desember. Men det var 9 spennande, og flotte måneder. Å i løpet av dei månedande solgt vi Steinar si leilighet, og flytta. Hit, til Rudveien 8. Ditte huset skulle bli vår nye heim. Etter visninga so låg vi i senga å drømte høgt, "det kan vi gjer, åååjaaa...det var fint, såg du lysa i taket?trappa?hagen..`tenk viss vi kunne få det huset?" Men vi turde ikkje håpe for masse. Det er so lett å bli skuffa. Men vi er fornuftige, og hadde såtte ei grense på kor mykje vi kunne låne, og samtidig leve godt. Å den dagen vi vann budrunda, då gikk vi på Aker Brygge å feira! Skulle egentlig ha spretta Don Pergnion 2002'en vår, men vi for spare den til ei anna anledning, trur ikkje Johannes hadde syns det hadde vore like kjekt med champagne:) Å so flytta vi med god hjelp frå alle vi er glad i. Første mamma sa når ho kom hit var; "Her er det godt å vere"...å det er det. Her er ei ro, og en varme som eg håpe alle føler når dei er på besøk med oss.

Eg huska 8 desember som det skulle vore igår, sjøl om det snart er eit år sida. Men eg skal ikkje utbrodere om fødselen min her for dokke...det kan eg fortelle om ein anna gong, eller dokke kan kome til Rudveien å lese i den flotte boka eg har laga til Johannes. Den er eg glad i, og håper Johannes blir like glad i den...


Eg og Johannes...10 minutter etter han var født. Eg elska ditte bildet...:)


En veldig stolt og glad pappa:)

Frå so liten til....

....so stor på kun 1 år (eller rettare sagt 11 mnd...)



Å so over til permisjonstida mi. Ja kvar skal eg begynne? Eg føler eg har brukt dinne tida godt. Eg har hatt masse prosjekt som eg har gjennomført og lært meg masse nye ting. Innteresert meg for ting eg ikkje har hatt tid til oppdage før no.

Her ser du eit lite utvalg av mine prosjekt. Eg har fortalt om dei før..men berre slik at du skal bli imponert so kan du få sjå dei en gong til.



Dei siste dagane har eg tenkt på alt eg har fått gjort dinne tida. Og eg har ikkje tenkt på det eg ikkje har fått gjort, for det veit eg heilt ærlig ikkje kva skulle vore. Eller ja, 2 ting. Eg skulle reist til Bergen å besøkt Marius og Synnøve, og vi skulle reist til Trondheim. Men det siste gikk ikkje som planlagt då Steinar måtte på sjukehuset...
Men blir også feil å sei eg, for Johannes har vore med meg på omtrent alt. Om han sove i vogna, vore i bilen, på arma, på fanget, på treningsmatta. Han har vore med meg 24 tima i døgnet, og eg har elska kvart eit sekund. Vi har vore på mange tura heime til Hareid, der vi har kosa oss med mormor, Besta, bestefar, gamletantene mine og vennindene mine som er på Hareid med sine unga, har trilla att og fram til Hareid. Slik som mamma gjor med med meg og Marius. Og til Hareid har vi tatt fly, so Johannes er allerede bereist. Vi har trilla tur i snøv, regn, vind, sol, hagl, skodde, ja uansett ver har vi 2 vore ute å lufta oss. Vi har blitt kjent med området vi har flytta til, snarveier, hus, leikeplasser, postkasser, hunda og kaniner. Eg har oppgradert strikkesertifikatet mitt frå 1 til 5 (på en skala til 10...), vi har vore i Oslo på shopping og cafe. Besøkt Kiwi kollegaer. Blitt kjent med 3 fantastisk herlige jenter som er mødrene til kompisane til Johannes, men også har blitt mine venninder, Elisabeth, Camilla og Silje. Kven andre hadde gadda å hørt på bæsje bleie, graute og amme prat? Vi har innredd rommet til Ole og Thea, sydd puter og gardiner opp, pussa opp rommet til Johannes med verdenstapet og Ikea stuff. Vore superMOM for 3 stk og superWOMAN for min Steinar som ikkje har vore heilt i form sida i sommar. Laga fotoalbum, arrangert navnefest med heimelaga bordkort og tale, framkallt bilde og sendt til mine nære og kjære. Vaska huset sikkert en milliona gonga med alt det innebere, pussa opp 2 kommoda, mala seksjonene og skifta knotta på alt. Kosa med Johannesen min, lært han å kjenne som liten og på vei til å bli stor, gitt han sitt første leve år med all den kjærligheten eg kan på noken måte gi, og det er ikkje reint lite :)
Å so har eg gjort noke, som eg selfølgelig skal forsette med...å det er å fortelle dokke min herlige alt vi finne på her i Rudveien 8. Å for å ikkje å gløyme at eg sikkert har tatt over 1000 bilder det siste året, her er eit liiiite utvalg av det siste året....

Store Steinar på sjukehuset i sommar, men Mini Steinar på besøk :)

Bryllup til Yvonne og Jan Ove. Kjærstepar vi...å kor vi kosa oss:)


Familien:)



Thea og eg på ferie i Gøteborg:)

Eg elskar deg for alltid...

Alle sammen samla for å feire Johannes

Ut på tur i vinter

Snøvhule bygging med Pappa. I år kan Johannes også bli med:)

Badeløva vår...

Liten og god. Å like blid som no...

Mamma er verdens beste for alltid...

:)

Trygt å sove med Onkel...

Eit av dei første møta med barselgruppa...
Dei blir større....
...og store:)

Cowboyen vår heime på Hareid:)

På fanget til Besta

Foran meg her eg sitte å skrive har eg ei magnettavle, og der har eg hengt en lapp eg fann for ei stund sida. Den er skreven 13/4-2008. Det er ein lapp eg skreiv etter at eg og Steinar diskuterte om vi hadde ei liste over alt vi skulle gjer i løpet av livet, før vi blei 100 liste...Å på dinne påbegynnte lista står det 13 ting. ( Sida eg ikkje kom på fleire ting, må ditte vere dei ting eg har mest lyst til i heile verda....)
1. Prøve paragliding
2. Hoppe i fallskjerm
3. Ta motorsykkel lappen
4. Dykkerkurs
5. Få mitt bilde på trykk
6. Tjene min første million
7. Kjøpe meg en Bmw Cab
8. Lære å surfe
9. Fare på kvalsafari
10. Gifte meg
11. Skrive ei bok
12. Reise til Kina
13. Bli mor
....å det er nok ikkje i prioritert rekkefølge, men sikkert det første som slo meg der og då.
Men eg har ikkje tenkt å skrive ei ny liste, den skal få bestå, men kanskje eg skal legge til eit par punkt etterkvart. For etter man blir mor, får sitt eige hus og finn drømmemannen, so kjenne eg at prioriteringane og ønska, og det som er viktig i livet blir forandra. Så eg trur eg skal droppe motorsykkel lappen ivertfall, viss ikkje 40 års krisa tar meg om 13 år? På ein av veggane våre har vi 4 bilder; eit av Johannes, eit av Thea og Ole, eit av eg og dei 3 kidsa og eit av meg i russedress. Kontrastane er store frå å vere fri som en hippigris på vei mot eventyret i horisonten, og som "3 barnsmor". Men eg ville ikkje vore foruten noken av delane, alt eg har gjort gjer meg til den Monica'en eg er idag. Og for at eg er den eg er har eg fått ein fantastisk mann og verdens søtaste, og blidaste Johannes.
Men viss eg skal klare nr 6 og 7 på lista mi må eg ut å jobbe. Å det likar eg. Bruke haudet mitt, utvikle, tenke, skape, vere med på laget. Så imorga er slutta på ei herlig og koslig tid, og begynndelsen på ei ny, lærerik og spennande ei. Å eg merkar på Steinar at han gler seg masse til å få lov til å vere heime å styre og kose seg med Johannes. Å det unner eg han av heile mitt hjertet.

6 kommentarer:

  1. Eg blei heilt rørt av å lese.....tåene berre kom:)
    so fantastisk å lese;)
    Å eg er so heldig å fått vere med på noke av det du har gjort:)
    Goe skatten min <3

    SvarSlett
  2. so koselig å lese bloggen din Monica!! :) håpe alt e bra med dokke. Lykke til på jobb i morgon! stor klem!

    SvarSlett
  3. Snuffs snuffs.. Ja ej sei so Hanne,kjekt å fått deltatt i litt av det året!! ;)
    Klem <3

    SvarSlett
  4. kor koseli å lese Monica.Kor nydeli og arti Johannes e. Klem fra Sissel Marie og Marie

    SvarSlett
  5. so utrulig bra du skrive:) ej he trua på at du kan oppfylle alle dissa punkta berre du vil!:) Gla i dej!

    SvarSlett
  6. trilla tårene mine mæ...blir skikkeli rørte. å so e no du so kjempe flinke til å skrive:-) må sei mj eni me elisabeth..sikker på du klare alle dissa ponkta der å nåkren til:-) kjempe gla i dj monica..stor klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)