mandag 10. januar 2011
Eit år er forbi...
...å vi ønske det nye velkommen:)
2010 har vore eit veldig uvanlig år. Eit år der eg har vore heime og kosa meg ilag med verdens beste skatt, der eg har gjennomført husmorsstuidet, men samtidig hatt prøvelsa. Der eg har leita fram superkrefter og egenskapa eg ikkje visste eg hadde. Kort sagt har eg vel vokst veldig på ditte året, blitt voksen?
Egentlig so hadde eg tenkt å skrive eit langt innlegg om 2010. Om året. Opplevelsane. Minna. Men til meir eg tenke på kva eg skal skrive so blir det ei oppramsning av dei tidligare innlegga mine. Eg har nesten blogga 1 år, der eg har latt dokke få bli en del av kvardagen og livet i Rudvegen 8. Å eg har kosa meg med kvart eit innlegg. Men det betyr no for all del at eg ikkje skal la dokke ta del av livet i Rudvegen 8 i det nye året. Dokke skal få bli med i dei store tinga, men også i dei små minna...dei morsomme tinga og dei mindre morsomme.
Nyttårsafta 2008 laga eg og Steinar ei liste for 2009. Ei Things 2 do List. På den lista sto det; Kjøpe oss hus, reise til Hareid å la Thea og Ole få møte Hanne og Bjørn, Lære oss photoshop, Kysse 1000 gonga om dagen. Vi hadde 10 ting, men eg huska ikkje fleire, og akkurat no sitt eg godt planta i sofaen, for godt til å gå opp på loftet å hente lista som vi selfølgelig har tatt vare på. Johannes sto ikkje på den lista...men man kan ikkje planlegge alt ;)
Nyttårsafta 2009 laga vi inga liste....men vi trengte ikkje det. Men i år skulle vi lage ei ny liste. Vi skrive ned en ting kvar til vi har 10 ting. på ei felles liste.
Det er alltid spennande å sjå kva den eine skive ned på lista.
Steinar starta med - Reise til New York !! (WOW! den såg eg ikkje kome iår....)
Så lista for 2011 ser slik ut...
- Reise til New York
- Steinar bli frisk
- Reise til syden med heile familien
- Monica reise på jentetur
- Lage ferdig vaskerom og bod
- Reise til Bergen å besøke alle vi kjenner der.
- Lære oss photoshop (legg merke til at dinne står igjen......;)
- Kysse masse!
- Kose kvar dag :)
- Minst 2 gonger pr mnd skal vi ha barnevakt slik vi kan ha kjærste tid.
Eg lika virkelig dinne lista. Den handla om oss 2, meg og Steinar. Vi er viktige for kvarandre, og har vi det bra då har ungane også det bra.
Men då gjenstår det berre å sjå kor mange ting vi klarer i løpet av eit år....men man må ha noke å strekke seg etter, noke å glede seg til og sjå framover. Eg tenker ofte at eg bør leve meir i nuet, ikkje stresse for det som skal skje framover eller for det som skjer rundt meg. Eg har en tendens til å styre litt for masse, rydde og vaske, når eg egentlig burde låge på sofaen å "slya" meg. Men eg har allerede blitt flinkare til å la rotet ligge. Eg er vel viktigast for dei rundt meg, for dei klarer seg ikkje uten meg..? ;)
Det nye året har begynnt veldig bra. Steinar er utskreven frå sjukehuset, Johannes stortrivast i barnehagen og eg trivest forsatt godt på jobb.
Då kan eg nesten legge 2010 bak meg å smile, men eg har eit prosjekt igjen (bombe...?) å det er ei fotobok frå året, men det kan ta seg tid...for eg har akkurat sendt 2009 boka til bestilling.....hehe.
Snart skal eg legge fortelle om kvardagen vår igjen, for den har innhenta oss no....å eg lika kvardagen:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)