Borte bra, men heime best. Men vi har kosa oss veldig på tur. Det var godt å kome seg vekk frå Rudvegen 8 for nokre daga, ikkje misforstå meg. Rudvegen 8 i mitt hjerte :)
Det blei tidlige morgena på meg og Brosjan. Kl 0600!! då skullle han opp, og for å ikkje vekke alle sammen sto vi opp. Kosa oss med frokost og leika oss. Å plutselig klarte han å bygge lego heilt sjøl, satt dei fast på brettet, snudde dei rett vei og opp på kvarandre. Stolt Mamma!!! Når klokka nærma seg 8 halv 9 gikk vi opp trappa for å vekke resten av gjengen, og Johannes blei like glad kvar gong han såg noken han kunne leike med.
Grøne kloss...
... Sette den oppå den blå...
Han har satt alle klossane oppå heilt aleine...
Leilighet nr 18:)
Ole Kristian i farta. Var ikkje kult å svinge, so her kjørte vi rett ned full guffe...hehe..akkurat slik som Marius var når vi lærte å stå slalom...Thea var veldig flink å svinge, og blei flinkare og flinkare.
Som mor som datter er det vel noke som heite....? :) Men dei var no veldig søte og gode :)
Torsdag fekk eg endelig beskjed om at Steinar skulle få kome!!! Då blei eg glad...veldig glad! Han kom med toget, og var framme i hytta i fem tida. Då var jubelen stor, og alle var glade for å sjå han igjen. Johannes strekte armane mot han, og skulle vel helst hatt han heilt for seg sjøl. På kvelden kosa vi oss med MaxiYatzy :) Eg fekk også meg gåve, ei bok med kidsa "Lykka er ein sjeldan fugl". Ei bok som er skreven på nynorsk, og faktisk er favorittboka mi. For eg hadde lest den før....eg fekk også eit koslig kort, med ei ku som geipa. "Ikke gjør som mora di sier, for mora di er ei ku...." Å som Johannes drive med for tida, geipe ;) Dei små tinga er dei viktige....
Når vi skulle legge oss. Eg lika ikkje å sove aleine, so var veldig godt å ha Steinar der igjen. Men der låg også eit kort. Eit kort med 2 sauda som kyssa (Favorittdyret mitt er saud..hehe..ja eg er rar) Men det som sto i kortet rørte hjertet mitt, forelska i deg Steinar. Å gåva mi, det var en tur til New York! WOOOW...The Big Apple, me and you! Har vel egentlig ikkje godt opp for meg enda. Men vi skal bestemme dato og tidspunkt når Steinar blir heilt frisk. Så då blir det en bonustur for oss begge 2. Gler meg veldig! Men før det...skulle eg også få bli med Steinar på shopping for å kjøpe meg en kjole. Steinar lika meg i kjole. Å eg lika han uansett.....*sukk*...
Endelig var du her:)
Fredag våkna vi opp til eit tåkelagt Sjusjøen. Såg veldig lite. Kidsa, Tone og Bestemor gikk tidlig ut for stå siste dagen på slalom. Vi andre 3 la oss for å sove formidagsluren "vår". Etter 2 tima gikk vi ut til dei andre. Thea hadde veldig lyst å renne i den store bakken. Eg leigde meg ski, og sto i 2 tima ilag med Thea. Var ikkje mykje vi såg på toppen, men vi kom oss ned alle gongane. Herlig å vere masse ute, men også veldig deilig å kome inn i hytta. Kidsa hadde vore ute å stått slalom i nesten 6 tima!!!
Å skrive i hytteboka høyre med når vi har vore på tur. Thea var så flink å skrive og tegne.
Søndag var vi invitert på 85 års lag til Mor. Farmora til Steinar. Så laurdag til søndag overnatta vi med Muttern. Eg og Johannes gikk oss en tur på litt shopping. Kjøpte en flott orkide til Elisabeth, ho fortjena egentlig enda fleire. Ei heile veka har vi kosa oss på hytte med god mat, ski og kos, alt på hennar regning. Så tusen takk!!
Vi var mange i selskap til Mor. Ho skulle ikkje ha noke selskap, men det var ikkje Ole Gudmund, "Fattern" enig i. ¨Så då kom heile gjengen til "ho Mor".
Barn, barnebarn og Oldebarn :)
Vilde, Guro, Vetle ( Dette er ungane til broren til Ole Gudmund som døde for vel 10 år sida), Johannes, Steinar, Ole G, Thea, Ole Kristian, Inger, Tone og Amund.
Frøydis var ei super vertinne, og Mor var veldig fornøgd!
4 Genrasjona
Jenny, systra til Mor, Arne Gunnar, syskenbarnet til Mor og Mor sjøl...
Vi fekk servert nydelig gryterett, fruktsalat, kake og kaffi :)
Lars er sonen til Frøydis, og han har en gut, Jørgen, som er 20 dager yngre enn Johannes. Her er dei kompisa i pysjamas. Sjøl om Johannes syns det kjekkaste var å ta smokken hass....
På eventyr...
Søndag kveld leverte vi Thea og Ole Kristian som var veldig fornøgde etter vinterferien. Vi susa heimatt, frykta lang vinterferie kø, men var heldigvis ingen kø. Det var veldig godt å ligge i eiga seng ivertfall, og det trur eg Johannes også syns. Men posten vår den hadde eg fått naboen til å hente for oss, so eg henta en stappfull pose med reklame, Vikebladet x 3, og 2 PAKKA til meg!!!!! Ååååh...eg lika pakka i posten. EN var frå mamma der eg fekk eit superkoslig pynte hjerte og ei blomsternål som eg skal ha på vårjakka mi, og so en pakke frå Tante Anja. Super koslig kort, og en Pierre Robert sportstopp. So glad eg blei :)
Herlig å starte ei ny jobb veke med 2 fridaga. Johannes forsatte å våkne grytidlig, så då var det opp å ete frokost og sjekke ut "gamle" leiker. Men det var ikkje like stas å kome til barnehagen etter vinterferien. Hardt å sei hade til gode mamma, men det måtte til. Å det hadde gått så fint resten av dagen. Den dagen eg trudde skulle bli fri dag blei ikkje det. Det var krise på jobb, så eg stilte opp å jobba kvelden. Greit å kunne stille opp, då får han forhåpentligvis igjen en anna gong:)
Å so har eg hatt fri idag, og det har vore fantastisk deilig. Sov lenge etter eg hadde levert Johannes i bhg, og idag var det null problem. Gikk sjøl til døra, og sto å venta på at Elisabeth skulle åpne. Men veldig deilig å sove, trur jaggu meg eg har sove vekk dei blå ringane under augene eg hadde før vinterferien. So no ser eg ut som en 23 åring igjen...;)
Idag har vi også hatt besøk av Åse Margrethe og Marit. Veldig koslig å sjå dei igjen. Åse M har vore i India på reise. Og i jula var dei på Gran Canaria, og hadde med seg gåve til alle kidsa derifrå. Johannes fekk ei veldig fin og kul jakke. Og Ole Brumm lego, kun for Marit hadde lyst å gi han noke. Kjekke gamle tante:) Å eg fekk meg en sort dekkebrikka som eg kunne pusle sammen i spreke farga. Gler meg til å sette dei på sommarbordet mitt ute. Å so fekk vi oss nydelige lilla tulipana!!! Kjekt :)