Har vore langt mellom innlegga i det siste, men tida har gått så fort og dagane har vore fulle med actionpaction. Men no har eg og brosjan komt oss til Bautavegen 39. Skal kose oss med mamma/mormor fram til tirsdag.
Fredag skulle vi i begravelse til vår alles kjære Mommo. Ho har vore sjuk og svak lenge. So ho sovna inn 89 år gammal. Sjøl om det var forventa så blir det så endelig sa Elisabeth. Å det er heilt sant. Ho var bestemor til 5 stk, og oldemor til 8 stk. Eg har ikkje kjent ho så lenge, men husker ho som ei veldig koslig og omtenksom dame. Alltid koslig å møte ho, og vere ilag med. Eg er så veldig glad for eg har mange fine bilder av ho ilag med ungane. Skal legge ut nokre når eg kjeme heimatt til Rudvegen 8 :)
Torsdag etter jobb kjørte vi oppover til Hamar. Elisabeth hadde henta Ole Kristian og Thea, so vi kosa oss med koslig kveldsmat når vi kom fram. Dei skulle bli med i kirka, so vi prata litt om begravelsen og kva som skulle skje. Eg, Johannes, Elisabeth (kona til syskenbarnet til Steinar), Andrea, Dorthea, Sverre og Magnus skulle ikkje bli med i kirka. So vi leika oss med Muttern til begravelsen var over. Etter det møtte vi alle dei andre på minnestund i Hamar. Koslig å treffe alle igjen. Sjøl om det er ei trist anledning, så må vi gjer det beste ut av det. Kjekt å snakke med dei man ser so sjelden, eg likar slekta til Steinar :)
Klar for begravelse. Trur dei var litt nervøse, og det blei nok litt tristare for Thea enn ho hadde tenkt seg sjøl. Men det er noke med stemninga i kirka, og det at alle man er glad i er lei seg. Men etter kos på fanget mitt når dei kom tilbake, og etter at vi prata litt om det gikk det bra. Trur nok det var bra for ho å bli med, ellers hadde ho sikkert lurt veldig på kva som hadde skjedd. Ei erfaring rikare...:)
Må teste ut alle leikene til Bestemor:)
Thea Mor:)
Brosjan
Sverre var veldig imponert over bilane til Steinar :)
Etter minnestund, og godteri med Tante Marit, Per og Pia kjørte vi innover til Gardermoen. Eg og Brosjan sjekka inn og fann heldigvis ei trille som han kunne sitte på. Stor fornøgde med god utsikt og sitteplass. Vi kjøpte pølse og drikke, og venta på flyet. Marit, systra til Bjørn skulle ta same flyet som oss. Ho skulle vere med oss heile helga for å teste ut en bil. Johannes var verdens snildaste på flyet og sjarmerte alle rundt seg, å det til tross for lite søvn og masse action heile dagen. Verdens Beste Lisje Venn:)
Første prioritert heime er alltid Besta. Ho betyr uendelig mykje for meg. Å det er alltid koslig å kome til ho for å vise fram Johannes. Men først skulle vi kjøpe joggesko til Johannes, yes joggesko!! Her er bare veia, so bedre å gå med lettare sko. Å det syns han også...storfornøgde! Etter litt kiking i Ulsteinvik kjørte vi tilbake til Hareid og til Besta. Der fekk vi kaffi, is og kjeks. Å ho såg mykje bedre ut enn eg hadde forventa etter å ha vore på sjukehus så lenge. Godt å sjå Besta mi igjen, sjøl om Johannes kreve sitt av oppmerksomheit...høgt og lavt :) På bildet koser han med Hans Ola som kom innom en tur.Åse Margrethe hadde vore med Marit for å inspisere bilen, å ho insisterte på å spandre middag på oss etterpå. Så då blei dei middag på kina'en. MMmmm...godt:) Å sjokolade kos heime.
Johannes og mormor er ute på tur. Hua var til vask så då lånte han dykkarhua til Marius. Å vi he prøvd ut vårdressen. Herlig!
Idag har mamma laga ball til oss. Å det er lenge sida eg har smakt. Var nydelig godt!
Steinar og kidsa har kosa seg med film, karbonader, spel og masse kos. Godt å tenke på at han ikkje er aleine heile helga.
Ikveld har vi vore i selskap til Pauline, ho blei 12 år forge helg. Skal legge ut nokre bilder imorga...gled deg:)
xoxo
xoxo
kosleg å lese...og enda koslegare å ha dokke her ilag med oss <3
SvarSlett