tirsdag 12. april 2011

Tolmodigheit

Eg må sei eg beundra Steinar for alle timane han he venta på sjukehus. Idag skulle eg bli med han på kontroll Spennande å få bli med, høyre kva som skjer og stille spørsmål om det eg lurer på. Timen var klokka 10, og pliktoppfyllande som vi er ønsker vi ikkje å kome for seint. Det er ikkje kjekt, og dessuten uhøflig for den som eventuelt skal ha en time etter oss. Vi kjørte frå Rudveien 8 litt over 9, det var heldigvis lite kø og vi fann ein parkeringsplass etter litt leiting. Framme i passlig tid 10 på 10. I det vi går mot nevrologisk avd. sei Steinar til meg; "Ja, er du klar for litt venting no da?" Ja det er eg vel..?

Vi kjem inn på avdelinga, melder vår ankomst og sett oss ned for å vente.
Steinar sitt heilt rolig, og har ei heilt anna ro enn meg. Ein halvtime går.
Eg har allerede studert dei andre som sit der ivertfall 4 gangar. Er dei like lei som meg? Ser ikkje slik ut. Ei gammal dame, en eldre mann som sikkert har med sonen sin, ein mann med svarte solbriller, ein ung gut med faren sin. Og så vi 2. Steinar forsatt rolig.

- Spenning. Ny plass, nye folk og spent på kva som skal skje vidare. Å selfølgelig spent på kva som skjer  med Steinar.

- Kjedsomheit. Er det mulig at det tar så lang tid? Skulle ikkje vi vere der klokka 10? Tusen spørsmål. Studera dei andre pasientane. Fundera over kva som feiler dei. Kva dei har på seg. Ingen av dei prater, så eg har ingen samtale å lytte til. Kjedlig. Eg begynner å makke på stolen, finne rette stillinga. Steinar ser på meg å smiler, rister på haudet. Han er vandt med å vente.

Det har gått en time, om ikkje meir. Tanken slår meg om å gå ned i kiosken å kjøpe meg eit blad, en kaffi og en sjokolade. Mmm...men eg er redd for å gå frå Steinar, for tenk viss det snart blir hass sin tur. Eg set slik å vurdera om eg skal gå ned i kanskje eit kvarter, tjue minutt. Ivertfall like lang tid som det hadde tatt å gått ned å kjøpt meg eit blad.

- Frustrasjon m/ irritasjon - Der er mange kvitkledde! Eg høyrer dei flirer og prater inne på pauserommet, koser seg med kaffi. Har vi fått kaffi? Noken går forbi med hendene i lomma, rusler likegyldig forbi oss. Eg set sikkert å himler med augene og sukkar høgt. Så mange på jobb, og så lite som skjer? Å ditte betaler eg skatt for? Er det rart det er helsekøer? Dei vanlige tankane man tenker når systemet ikkje fungerer slik man vil dukker oppi haudet mitt å skaper enda meir irritasjon.

- Desperatheit - Eg røyser meg. Går mot informasjons stativet. Parkison, MS, Psykisk syk, Depresjon. Ingenting som egentlig interesserer meg. Men du veit, du tar det du kan få. Parkinson info blad og Bolig Bilag frå Aftenposten Laurdag 9 april. Jada...blar, ser. Kjedlig. Ferdig. Er ikkje det snart vår tur? Men det som er merkelig at det er nesten ingen som får kome inn. Noken har med seg bag og koffert. Dei får eit rom etterkvart. Tenk å hatt ei seng. Mmm..berre lagt seg ned å sove litt, blitt vekt når det er vår tur? Eg legg haudet på skuldra til Steinar. Prøva å "sove". Hard skulder, godt å ligge inntil, men feil stilling, skeiv i ryggen. Røyser meg opp igjen, og tar Bolig bilaget igjen. Eg har akkurat sett i det, og det er ikkje så masse som har forandra seg på 10 minutt.

Eg går for å sjekke om der er kaffi. Tomt i alle 3 kannene. Er det mulig? Men etter litt er der meir, og Steinar henter to herlige, ivertfall etterlengta kopper.
Tanken slår meg igjen; " Skal eg kjøpe meg eit blad? Eg rekk det" Å då kjeme det ei dame å legg frå seg eit Her&Nå. Redda. Eit mnds gammalt blad, kjendisane som gifta i bladet har sikkert skilt seg no...

Å akkurat i det eg gir Steinar eit nuss, høyrer vi: "Karlsen?" Der står Dr. Popperud. Det er vår tur! Å er det ikkje rart? Då er all irritasjon over. Ingen spørsmål om kvifor vi har måtta venta i over tre timar. Neida, berre glad for å sjå noken som bryr seg om oss.

Venting ferdig....og ny dose med tolmodigheit påfyllt...


Å viss du lurte så kjøpte eg meg både blad og sjokolade når vi var ferdig. Belønning må man ha for å ha vore så flink. Sjøl om når eg gikk ut av døra så føltes ikkje det ut som eg hadde venta så lenge som det føltes den første halvtimen...

P.s Slik gikk kontrollen...

Dr. Popperud bestemte på kontrollen at Steinar skal øke dosa på trykkdempande medisin, 3000 mg pr dag. Og han fekk ein ny vanndrivende medisin. Så no må vi kjøpe eit stort dosett....Dei vil heller prøve å gi han medisin enn å legge inn eit dren. Men medisinen virker ikkje slik dei ønsker, men det har heller ikkje blitt verre. Det blei derfor bestemt at om 2 veker skal han bli innkalt igjen for kontroll, og deretter ta ny ryggmargs prøve for å sjekke trykket. Men han føler seg i fin form, og så lenge han ikkje er plaga med haudeverk eller svimmelheit er det ikkje hast. Men så fort tilstanden forandrer seg må vi sei ifrå.

Idag har det vore skikkelig surt og kaldt her!!! Så vi kosa oss med grønsakssuppe med masse gode grønsaker og pølse oppi, og fyrt oppi peisen. Våren var ikkje her heilt...men snart:)

2 kommentarer:

  1. Utruleg at du greidde å lage ventinga so spennede..;)))) iallefall å lese om den..hehe:))

    SvarSlett
  2. Steike bra skrevet jenta mi!! Det minner meg på at du en gang ville bli Journalist :-) Og det ser jeg at du kan bli ennå!!

    Papsen

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)