onsdag 21. september 2011

Kvardags kos :)

Her er eg og Johannes på Maxbo. Kosar oss i noken svære sakkosekkar vi fann.
Lene Monica er ei god Kiwi venninde, vi starta på same butikk, var assisterande ilag, blei butikksjef nesten samtidig. Å ca 1 1/2 år etter Johannes blei født kom vesle Aksel. Ho er heime i permisjon for tida, så eg var på besøk med ho. So koslig! Faktisk uvant å holde baby igjen, men det kom seg fort. Å om eg fekk lyst på en til? Har fått hørt at det er sånn jentegreie, å det stemme vel det.......
En dag fekk eg ånda over meg, å då er det berre å gripe tak og holde godt fast. Steinar har sagt lenge at vi burde flytte sittegruppa til under taket. Men eg har vore veldig skeptisk mest pga sola som vil steike på oss når vi ete mat ein anna plass på terrasa. Men greit eg skulle gi det en sjanse. Å ja, Steinar er genial og ditte bevise vel berre igjen at eg bør høyre på han oftare...?:)
Blei veldiig koslig, og mykje lunare å sete her. Så no skal vi kjøpe en terrasse varmar til haustens kalde dagar. Men det må nevnast at vi ikkje har prøvde å ete i solsteiken enda....får vel vente til neste år?
Johannes har fått seg ny barnehagesekk, og gjett om han var stolt! Skulle ha den på seg overalt. Frå døra til bilen....og tilogmed når vi skulle ut å leike i gata. ( Det har han slutta med no..hehe..men skulle sikkert vise til dei andre ungane at han hadde fått ny sekk)
Her er han på vei til barnehagen :)
Fått lånt eit mini skateboard med Sam som er ein av dei store gutane i gata.
ÅÅååååhhhh...wooohooo...Maaamaaa!

En dag forge veke laga vi vafler etter middag. Johannes syns det er så kjekt å stå at med meg på kjøkkenbenken å hjelpe meg. Her rører han i røra.
Litt rot blir det, men koslig ;)
Han har også hjelpt meg å dekke på bordet. Ketchup er visst viktig på alt....Å husbonden sjøl tar seg en velfortjent strekk på sofaen ;)
Johannes har laga kosekrok på golvet, lagt teppet på golvet,alle putene og så må vi kome å legge oss at med han. Å dei sei ikkje vi nei til...
Morgenkos:) Knekkebrød med kvitost, Hinkel, pledd og barnetv :)
Mini Steinar :)
Forge torsdag hadde eg fri for eg var med Steinar på Revamtologisk avd på Riksen for å sjekke kor det sto til med Bechet'en og kva som skjer framover. Følte det var veldig greit at eg fekk vere med. Var strålande ver, og varmt. Men så plutslig blei himmelen heilt svart, og temperaturen sank frå 18 til 11 grader!!! Å det hagla!!! Sjekk berre her....heilt utrulig! Men hausten er på vei, og eg kjenne at eg kan like det. Må berre få rydda vekk alle sommarkleda mine for å gjer plass til haustgarderoba :)

Til helga kanskje..?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)