søndag 9. oktober 2011

Model for A Day


En dag for ca 3 veker sida fekk eg ein telefon frå noken eg trudde var en selgar, men så begynnte han å prate om gratis fotoshot med makeover. Veldig lite som er gratis her i verda, men opplevelsen kostar som oftast ikkje så mykje. Eg takka derfor ja, og booka mandag etter ei travel bursdags helg. Heilt perfekt!
Men ettersom det nærma seg dagen blei eg meir og meir tvil, høyrdes egentlig veldig merkelig ut. Men eg sjekka internett sida deira, og alt såg veldig bra ut. Når eg sei til Steinar at man må vere 18 år, ser han på meg med eit skeptisk blikk; " Jeg fatter ikke at du tør jeg..." Snuskete bilde uten klær? Eg tok sjansen, og kjørte til Oslo. Eg hadde fått beskjed om å møte opp nydusja, uten sminke og med 3 forskjellige antrekk.

Først blei eg putta i sminkestolen. Var veldig herlig å berre bli dulla med, å frå å vere eit trøtt morgetryne blei resultatet veldig bra. Men det var en opplevelse i seg sjøl å stå å høyre på dei 2 sminkørane som sto å laga oss til. (Oss er jenter som hadde fått same telefonen som meg...). Dei snakka om det å vaske klede, Jente nr 1 hadde fellesvaskekjeller der ho måtte skrive seg på liste, noke jente nr 2 syntes hørtes heilt tragisk ut. Men ho hadde "en sånn derre skikkelig gammel vaskemaskin". Måtte faktisk vite kva dei forskjellige symbola betydde!Livet er hardt og brutalt.....

Men etter å blitt sminka som ei porselensdokke, og fått på meg mitt første antrekk var det klar for foto shot. Fotografen var ei lita kjempe koslig dame. Vi skulle inni 3 forskjellige studio, og eg kunne skifte antrekk til kvar av dei. Det første rommet var eit klassisk fotorom med kvit bakgrunn. Først skulle vi "varme" opp med typiske modell stillinga (dissa vanlige opp og ned, der du egentlig ser litt kunstig ut....) Men det måtte til. Ho knipsa og knipsa, og sa ho hopp; Ja då hoppa ej....


 




Neste rom var eit rom med hovedsakelig svart bakgrunn, men også med forskjellige tapeta, stola og puff'a. No hadde vi varma litt opp, og ho var skikkelig flink til å sei kva eg skulle gjer og fekk meg til å slappe av.

 






Siste rommet var eit rom med ein "sofa", ein tagga vegg og ein murvegg. Å der kunne man velge kva setting man skulle vere i. Veldig stilig!



Etter å ha vore innom 3 studio hadde det blitt 89 bilder! Å av dei skulle eg velge ut 10 stk. Det blei en veldig surrealistisk situasjon, for der satt eg ilag med ei anna dame, å skulle plukke 10 bilder av MEG sjøl som eg syns var finast/tøffast. Snakk om sjøldigging...

Men dei eg valgte ut var eg fornøgde med, men mest av alt opplevelsen av å vere der. Nokre tima kun for meg sjøl der eg blei pynta og tatt bilder av. Ja, rett og slett Model for A Day...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)