torsdag 5. mai 2011

Det innlegget eg skulle legge inn raskt.......jadaaa

Grilling med Daniel og Elisabeth. Kvar tirsdag prøva vi å møtast for å ete middag...veldig koslig:) Det var litt kaldt ute, men kosa oss:)
Gutane prøvde å stikke av so Steinar måtte på jakt....
Daniel...skikkelig go'ing:)
Testing av diverse kjøyretøy....

I julegåve fekk eg og Steinar billetta til musicalen Hair på Hamar. Kjærstekveld med barnevakt!! Måtte berre kome oss dit først.....etter jobb kjørte vi oppover til Løten. Leverte kidsa, alle 3. Tone og Pål hadde også fått billetta så Amund var der også. 4 unga!!
Under musicalen satt vel eg og Steinar mest å såg på kvarandre å gliste, for kva i alle dager var ditte? Vi forsto fort at musical var ikkje heilt for oss...Vi fekk følelsen av ei skuleavslutning meir enn eit profesjonnelt oppsett. Men koslig var det uansett. Etterpå var Steinar og Pål svoltne....so vi stakk på Steinar sin favoritt restaurant på Hamar; PizzaNinni. Verdens beste pizza ifølge han, og so har dei raude saus OPPÅ pizza'en. Merklig, men godt:) Eg og Tone åt nachos, mens Pål heiv i seg noke dei kalte biff men såg meir ut som grytrett....Pål er rar. Han skal ha det sterkast mulig. Serveringsdama kom med krydder på krydder, vi hadde vel 4 korger med krydder, peppermix, salt, kryddermix. Slike krydder som Hellstrøm hadde stengt restauranten av. Men tilslutt henta ho noke frå kjøkkenet, og det holdt visst i masevis...å alle var fornøgde.
Ungane hadde vore kjempe snilde. Vore ute å leika seg, og sovna med en gong alle sammen.

Laurdag klokka 10 satt vi alle i bilen, klar for Rudvegen 8. Der låg alle kleda klar. Etter x antall med mitt skip er lasta med var vi framme, heiv av oss kleda. På med fin kleda. Innatt i bilen. Vi skulle i konfirmasjon til Sindre. Syskenbarnet mitt som bor i Drøbakk.
Familien Familiebilde...
....Sooooo fine blei vi!!!
Søte Johannes i bunaden sin :)


Kidsa var dei minste av alle, og so flinke til å leike seg og passe på Johannes. Med tanke på at dei ikkje kjente noken oppførte dei seg heilt fantastisk.
Apekatten vår!
Camping gjengen samla.....
Kjærsteparet :)
Sindre, Simen  (i kvit jakke) og Tone (mora) speler i korps. Så dei kom å spelte 4 marsja for oss. Veldig kjekt!!! For du visste vel eg har spelt i korps...????
Eg og Thea :)
Sindre, konfirmanten, og gamle syskenbarnet meg ;)
Tante Marie og Johannes som satt so fint på egen stol å åt karbonader:)
Masse godt å velge mellom.....
Dinne kaka var nydelig god!
Marie, Tante Heid og Johannes:)


Yes....det var det "rykande" ferske innlegget som skulle kome rett etter helga. Men bedre seint enn aldri. No skal eg gå å pakke til imorga. Då skal eg og Johannes til Hareid. Reiser med fly imorga tidlig, og skal ferie Stian på søndag. Det blir veldig kjekt!!!
Gler meg:)

søndag 1. mai 2011

Påska handler om påskeegg....

Med våren kjem også mykje å gjer. Ikkje veit eg kar tida har flåge, men eg har ivertfall kosa meg. Men eg har prioritert jobb, kos, god middag, sola, hagen, kidsa, påske egg og viss eg skal få proritere å sove og slye meg på sofaen, må eg dessverre nedprioritere dokke....men ikkje fortvil bloggen er ikkje nedlagt. Eg har berre ikje hatt tid.

Her skal dokke få ei oppdatering frå både vår og påske. Mest bilder, men det kjeme straks eit ferskt innlegg om ei ganske so hektisk, men veldig koslig helg.


Inngangs partiet har begynnt å ta vårlig form...litt planter, putene på den koslige benken er framme. Nydelig godt å sitte der i sola med en kaffi. Å visste du at det bor en fugl inni ditte vesle fuglehuset?? Ja, sorry Pappa, ej trudde ikkje på deg då du sa det, men herre min hatt kor eg kjipte meg en dag eg åpna døra å eg liten fugla flaug ut "Rudveien 8 Fuglereservat"....!!!

På jakt som en liten pus.....
Fotografica har låge i graset å leika seg med kamerat. Veldig kjekt når eg får ånda over meg...


God guten vår:)
Barnehagen til Johannes er veldig flinke til å lage ting. Elisabeth bruker å laminere alle tegninga, so vare dei lenger. Men eg syns det er veldig kjekt at dei lager ting det går and å ha framme. Slik som dinne potta, som var påskeliljer i. Syns den var veldig fin!
...ditte var meir en klassisk lageibarnehagen ting, men mitt morshjerte smelta heilt å syns dinne også var veldig fin. Sjøl om eg har en mistanke om at han får fått ein god del hjelp med dinne.....:)
Steinar - Drømme mannen min på alle måta!
Mi kjære flotte lisjesyster Karoline studere og bor i Stavanger, og Sissel hadde vore å besøkt ho. Dei skulle ta toget oppatt til Trondheim, men toget gikk ikkje før seeeint på kvelden so derfor kom dei innom oss en tur. Å det var veldig koslig:)
Steinar er slik som mannfolk flest, og som eg har nevnt før er han skap sunnmøring. Det skal vere av beste kvalitet, men også til en rimelig peng. Å no var det ny grill som sto på ønskelista. Mr. Weber er gass grill kongen over alle, å du får dei i alle prisklasse og størrelsa. Vi var på plantasjen å kika; "Tjaaa...veit ikkje, ka du syns?"Dyrt? Sjå på dinne, samme pris, myyykje større og med skap, men vil no ha en Weber?
Og vil ha grill no...grille til kvelds helst...." Men vi kom ikje heimatt med noken grill. Eg, som er sunnmøring, ba han vente litt, sjå, undersøke, bestemme seg for kva han ville ha....er tross alt 25 års garanti, so då skal vi vel ha den same grillen i 25 år??..."

Påskeferien hadde starta for noken, men eg måtte jobbe og barnehagen til Brosjan var påskestengt so gutta kosa seg heime. Tirsdag kom eg heimatt frå jobb, å såg ei gedigen eske på altanen. WEBER Spirit E 310, Steinar stolt som ein hane, ny grill til den rimligaste prisen du kunne få den til. Lefdal, Monica, Lefdal! Prisgaranti. Må vere billigast.
Det einaste minuset var at vi måtte skru den sammen sjøl. Men den står stødig forsatt.
:)
"Grille, grille, grille...."
Her er det første grillinga på nye grillen, og i 2011. Den gamle grillen skrudde vi forøvrig frå kvarandre å satt i garasja, skal kaste den til helga kanskje........
Alle er glad for at det er sol og vi grilla!! Marit og Aase Margrete også kom en tur. Å det var veldig koslig:)
Heile god gjengen:)
Mormor er verdens beste. Sida Bjørn reiste til Grønland, var ho aleine i påska. Å eg skulle jobbe alle dagane, Thea og Ole Kristian kom på onsdag. Derfor foreslo eg for mamma at  ho kunne alltids ta seg en tur, å ho er ikkje vanskelig å be. Onsdag var ho på plass. Å det var så godt å kome heimatt etter jobb torsdag og fredag å føle at alle kosa seg ilag. Er ikkje alle som klarer å gå at med svigermora si, eller svigersonen sin for den slags skyld i 5 daga å kose seg:) Men så er no både Steinar og Mamma herlige.
Men alle fekk ivertfall masse oppmerksomheit, søvn, mat, reine kle og kos. Ikkje at Steinar ikkje hadde klart det aleine, men er ikkje sikkert golvet hadde blitt vaska, klena bretta sammen og ute blomstrane vatna....

Må berre nevne at onsdag mens eg var på jobb kom Elisabeth og Daniel innom Steinar og kidsa med eit påskeegg til meg!! So koslig og kjekt:) Fylt med godteri, og ei forsinka bursdagsgåve...:)
2 raringa:)
So glad i deg!
Ingen påske uten påskeegg........
Ifjor laga vi påskeegg jakt, som blei vel enkel. Etter 5 min satt dei å gomla godteri. Så vi tenkte dei skulle få bryne seg litt ekstra dinne gongen. Det starta med eit felles kart; I den grøne boksa hvor posten er, da er du ganske nær...., der låg det eit brev til kvar. Ole; Sklia ligger på en topp, hvor fort klarer du å springe opp? Thea; Gå dit hvor "radiobilen" står, og se hva du får...., nytt kart og drops, Påskeharen spretter rundt om kring, kanskje har han gjemt en ting? Se i teltet til lillebroren din...og Ole fekk i leikekassa er det mange spennde ting.....Trur jakta var spennande, men fekk beskjed om at det var for enkelt. So greit, eg tar utfordringa. Gle dokke til neste år kids....
Johannes også fekk påskeegg, og det forsto han ganske fort at det inneholdt masse godt! Alle egg han såg sto han berre å strakk seg etter...
Godgjengen:)
Mamma og Steinar måtte også på jakt. Dei fekk ikkje skattekart, men eit ark med masse rim som endte opp i gjøymestedet. Steik kor flinke eg var til å rime den dagen, når det virkelig gjelde, sanga osv då er det null kreativitet, men no...jøss. Overaska nesten meg sjøl. Steinar måtte opp på loftet å sjå i alle rom, og fann det til slutt der han sto i utgangspunktet. Mamma sitt egg låg i vaskemaskina..."Sentrifugert egg er ikkje noke godt, eg trur du må trykke på stopp......"
Johannes hjelpe mormor med å ta ut egget av vaskemaskina i håp om å få smake noke godteri.....

Men apropo påskeegg fyllt med masse godteri som eg veit mamma og Steinar lika, og dei fekk kvar sitt flaxlodd også. So lure du vel på kvar mitt påskeegg blei av? Ja for det lurte eg også på, ikkje det at eg måtte ha påskeegg, men det hadde vore litt kjekt liksom å vere en av dei med påskeegg....men ingen skattekart eller egg i sikte.
Kvelden kom å det var tid for lesing av Doktor Proktor og tidsbadekaret, det er bok nr 2, og vi koser oss veldig når vi les. Eg like mykje som kidsa "mine" :)
Då eg kom ned på stova satt dei der munnen fyllt med sjokolade og gliste. Å plutslig kjem der eit brev fram, frå påskeharen til meg. Endeliiiiig...den dårlige samvitigheita for å ikkje ha skaffa meg eit egg hadde sneke seg på dei. Først måtte eg ut i bilen, tenkte i mitt stille sinn; "Jaada, dei skal vel ha meg ut i skogen i svarte natta å leite no da...ilag med ulvane, marihønene, piggsvina, villsvina og det som verre kan ver. Men det var ikkje verre enn at eg måtte sjekke facebook'en min! Å? Spennande...slo på maskina, logga meg inn, men ingen beskjed eller invitasjon til "årets påsekegg leiting". Nada, Zero, Nothing. Hmm..."Ehh....ej fann ingenting der ej...?"...Men du må sjekke rundt facebooken din. "Åkey?"....å BAK skjermen låg eit lite egg (som eg forøvrig hadde kjøpt til påskepynt) med godteri oppi som eg hadde kjøpt til mamma og Steinar. Jordbær, hobbybit, en sjokolade frå egget eg hadde fått med Elisabeth (!!) og masse anna dei ville gi vekk frå sine egne egg.....men som nevnt; Er dei ikkje herlige vel?
Kosa oss med sandwich is som er den store favoritt isen...
"Springe om kapp...?"
Mamma reiste på søndag, og Thea og Ole skulle vere her til mandag. Eg måtte på jobb, søndagsåpe alle raude dagane, å du vil ikkje tru kor masse folk har handla disse siste dagane. Utrulig! Det var derfor deilig å kome heimatt til middag. Tomatsuppe og pannekake:)

Vi har hatt ei super herlig påske. Sjøl om eg har vore på jobb så føler eg at eg har fått gjort masse, og kosa meg. Å det trur eg alle rundt meg også har gjort. Nydelig ver, grilla kvar dag, vore ute heile dagen, sovna med raude kinn og masse frisk luft i lungene, smakt på sommarøla og flira masse.


tirsdag 12. april 2011

Tolmodigheit

Eg må sei eg beundra Steinar for alle timane han he venta på sjukehus. Idag skulle eg bli med han på kontroll Spennande å få bli med, høyre kva som skjer og stille spørsmål om det eg lurer på. Timen var klokka 10, og pliktoppfyllande som vi er ønsker vi ikkje å kome for seint. Det er ikkje kjekt, og dessuten uhøflig for den som eventuelt skal ha en time etter oss. Vi kjørte frå Rudveien 8 litt over 9, det var heldigvis lite kø og vi fann ein parkeringsplass etter litt leiting. Framme i passlig tid 10 på 10. I det vi går mot nevrologisk avd. sei Steinar til meg; "Ja, er du klar for litt venting no da?" Ja det er eg vel..?

Vi kjem inn på avdelinga, melder vår ankomst og sett oss ned for å vente.
Steinar sitt heilt rolig, og har ei heilt anna ro enn meg. Ein halvtime går.
Eg har allerede studert dei andre som sit der ivertfall 4 gangar. Er dei like lei som meg? Ser ikkje slik ut. Ei gammal dame, en eldre mann som sikkert har med sonen sin, ein mann med svarte solbriller, ein ung gut med faren sin. Og så vi 2. Steinar forsatt rolig.

- Spenning. Ny plass, nye folk og spent på kva som skal skje vidare. Å selfølgelig spent på kva som skjer  med Steinar.

- Kjedsomheit. Er det mulig at det tar så lang tid? Skulle ikkje vi vere der klokka 10? Tusen spørsmål. Studera dei andre pasientane. Fundera over kva som feiler dei. Kva dei har på seg. Ingen av dei prater, så eg har ingen samtale å lytte til. Kjedlig. Eg begynner å makke på stolen, finne rette stillinga. Steinar ser på meg å smiler, rister på haudet. Han er vandt med å vente.

Det har gått en time, om ikkje meir. Tanken slår meg om å gå ned i kiosken å kjøpe meg eit blad, en kaffi og en sjokolade. Mmm...men eg er redd for å gå frå Steinar, for tenk viss det snart blir hass sin tur. Eg set slik å vurdera om eg skal gå ned i kanskje eit kvarter, tjue minutt. Ivertfall like lang tid som det hadde tatt å gått ned å kjøpt meg eit blad.

- Frustrasjon m/ irritasjon - Der er mange kvitkledde! Eg høyrer dei flirer og prater inne på pauserommet, koser seg med kaffi. Har vi fått kaffi? Noken går forbi med hendene i lomma, rusler likegyldig forbi oss. Eg set sikkert å himler med augene og sukkar høgt. Så mange på jobb, og så lite som skjer? Å ditte betaler eg skatt for? Er det rart det er helsekøer? Dei vanlige tankane man tenker når systemet ikkje fungerer slik man vil dukker oppi haudet mitt å skaper enda meir irritasjon.

- Desperatheit - Eg røyser meg. Går mot informasjons stativet. Parkison, MS, Psykisk syk, Depresjon. Ingenting som egentlig interesserer meg. Men du veit, du tar det du kan få. Parkinson info blad og Bolig Bilag frå Aftenposten Laurdag 9 april. Jada...blar, ser. Kjedlig. Ferdig. Er ikkje det snart vår tur? Men det som er merkelig at det er nesten ingen som får kome inn. Noken har med seg bag og koffert. Dei får eit rom etterkvart. Tenk å hatt ei seng. Mmm..berre lagt seg ned å sove litt, blitt vekt når det er vår tur? Eg legg haudet på skuldra til Steinar. Prøva å "sove". Hard skulder, godt å ligge inntil, men feil stilling, skeiv i ryggen. Røyser meg opp igjen, og tar Bolig bilaget igjen. Eg har akkurat sett i det, og det er ikkje så masse som har forandra seg på 10 minutt.

Eg går for å sjekke om der er kaffi. Tomt i alle 3 kannene. Er det mulig? Men etter litt er der meir, og Steinar henter to herlige, ivertfall etterlengta kopper.
Tanken slår meg igjen; " Skal eg kjøpe meg eit blad? Eg rekk det" Å då kjeme det ei dame å legg frå seg eit Her&Nå. Redda. Eit mnds gammalt blad, kjendisane som gifta i bladet har sikkert skilt seg no...

Å akkurat i det eg gir Steinar eit nuss, høyrer vi: "Karlsen?" Der står Dr. Popperud. Det er vår tur! Å er det ikkje rart? Då er all irritasjon over. Ingen spørsmål om kvifor vi har måtta venta i over tre timar. Neida, berre glad for å sjå noken som bryr seg om oss.

Venting ferdig....og ny dose med tolmodigheit påfyllt...


Å viss du lurte så kjøpte eg meg både blad og sjokolade når vi var ferdig. Belønning må man ha for å ha vore så flink. Sjøl om når eg gikk ut av døra så føltes ikkje det ut som eg hadde venta så lenge som det føltes den første halvtimen...

P.s Slik gikk kontrollen...

Dr. Popperud bestemte på kontrollen at Steinar skal øke dosa på trykkdempande medisin, 3000 mg pr dag. Og han fekk ein ny vanndrivende medisin. Så no må vi kjøpe eit stort dosett....Dei vil heller prøve å gi han medisin enn å legge inn eit dren. Men medisinen virker ikkje slik dei ønsker, men det har heller ikkje blitt verre. Det blei derfor bestemt at om 2 veker skal han bli innkalt igjen for kontroll, og deretter ta ny ryggmargs prøve for å sjekke trykket. Men han føler seg i fin form, og så lenge han ikkje er plaga med haudeverk eller svimmelheit er det ikkje hast. Men så fort tilstanden forandrer seg må vi sei ifrå.

Idag har det vore skikkelig surt og kaldt her!!! Så vi kosa oss med grønsakssuppe med masse gode grønsaker og pølse oppi, og fyrt oppi peisen. Våren var ikkje her heilt...men snart:)

mandag 11. april 2011

Til helga kanskje...?

Kvardagen har rusla sin vandte gang. Tirsdag var vi på middag med Elisabeth og Daniel. Godt å høyre at andre også har en travel kvardag, men vi har bestemt oss for at vi skal prøve å møtast en gong i veka. Om det er at vi 2 går en tur på kveldstid,eller at vi møtast til middag. Å det er så koslig! Etter barnehagen kjørte vi opp til koslig besøk. Johannes sovna i bilen, so han tok seg en liten lur på sofaen mens Daniel forsto ingenting av kvifor han skulle sove no. Hoia og ropte rundt han, tok tilogmed en sko å deiste i haudet på Johannes..hehe..men han sov. Etter han våkna var han ikkje blid! Alt var gale, ikkje skulle han ha mat, ikkje drikke, ikkje Hinkel, ja ingenting...men han er ikkje så ofte slik so etter å ha rasa frå seg, og egentlig våkna skikkelig var han tilbake til det samme gamle. Leika og tulla med Daniel, var veldig stas å få stå i sofaen å sjå på fuglane på fuglebrettet utafor. Etter fiskebolle middag kosa vi oss med vannmelon. Mmmmm...det var godt! Eg og Elisabeth mimra tilbake til ifjor sommar då vi gav dei kvar sin bit slik dei fikk smake so vidt. Å no sprang dei rundt med kvar si store melon skive å gomla i vei:)

På onsdag venta eg spent på å om vi var i avisa. Men ingen pr kåte badeløver. Eg ringte då til Romerikes Blad, og fekk beskjed om at det skulle kome med neste onsdag istadenfor. Dei var veldig hyggelige, og neste onsdag skulle eg få kome til redasjonen å få eit bilag gratis. Eg gler meg! 

Torsdag var det trippel trumf, å vi er veldig flinke og økonomiske. Vi prøver ivertfall så godt vi kan...Vi skreiv ei lang handleliste med ting vi brukar kvar dag, vaskemiddel osv. og etter handlinga skulle vi få sjå bade bilda vi tok på laurdag. Vi valgte oss ut disse 3. Var ikkje dei artige vel?



 Svevande badeløve:) Tenkte eg skulle lære meg photoshop å retusjere vekk armane mine, det trur eg hadde blitt stilig.
 Eg spurte fotografen om vi kunne ta bilde av begge under vatn. Ingen problem, men eg lika ikkje å ha åpne augene under vaten. Veit ikkje heilt kvifor, men slik er det no...Men Johannes er så flink! Trudde ikkje han skulle sjå slik ut under vaten, ser heilt naturlig ut for han å styre under vatn:) So resultatet blei ivertfall minneverdig:)
Tunga ut:)



 "Kom da Mamma...."

 Melon til kvelds er såååååå godt!


Mykje vi skulle fikse til helga. Å når våren er på vei for fullt gir det oss begge ekstra arbeislyst. Å det var heller ikkje ein dempar at Steinar hadde invistert i eit gute "leiketøy", noke alle manna må ha? Nemlig en høgtrykkspylar!! Kjøpt på Verdens største Maxbo som har komt ikkje langt frå oss. Verdens veit ikkje eg for sikkert men stor er den ivertfall!
Å tillegg til spylaren hadde han kjøpt bilvask og terrasevask. Å som han sa sjøl; "Det er skikkelig dårlig at de ikke stiller ut ekstrautstyret ilag med selve spyleren...." Som børste, kost, skrape, skuffe, spyler til å vaske takrenner med, ja you name it...kan berre tenke meg alt han hadde komt heimatt med. Når det er noke man vil ha då er det berre å kjøpe, men det skal seiast at han såg gjennom alle brosyrene som kom, og tilfeldigvis hadde alle en høytrykkspylar til salgs. Men det eg skulle fortelle var at når det mangler noke på noke man allerede har kjøpt då er det for det første irriterande for man får ikkje brukt den, og for det andre irriterande at noke man har brukt masse penga på ikkje har alle delane. Steinar måtte derfor inn på Maxbo for å kjøpe den delen han mangla, men ser då at utstillingsmodellen har ein slik han mangla. Lurer deretter på kvifor det ikkje er en slik på hans? Ein uvitande ansatt på Maxbo sei han derfor kan berre ta den delen som er der. En smilande og blid skap sunnmøring (???) kjeme ut frå Maxbo. "Yeah! Det er gratis, gratis..trallall lala...." Men i det vi kjeme heimatt og Steinar kan nesten ikkje vente til han får vaska bilen sin, ser han det. Den delen som mangla ligge på kommoden, litt bak planta, litt gjøymt. Men då har vi to, råd til å miste en.
Lunsj på Mac'ern. Johannes har forstått at man skal dyppe chipsen i ketchup!!

Laurdag skulle vi på litt shopping. Alna senteret er eit bra shopping senter for mannfolk, for der er ikkje klebutikka der. Sportsbutikka er ikkje det samme som H&M. Vi skulle kjøpe trehjulsykkel til Johannes, eg skreiv for ei stund tilbake på facebok'en til Bjørn at Johannes ønska seg trehjulsykkel, litt internt og litt på spøk for Johannes er så opptatt av dei andre gutane i gata med sykkel. Kanskje ikkje like kult med trehjulsykkel, men man må begynne en plass. Så etter at Bjørn las meldinga, etter å ha vore 2 veke på Grønland, ringte han meg å ba meg kjøpe sykkel. "Ehh...okei, skal bli!" Lure på om det skjer det samme viss eg skrive at eg ønska meg ny bil for alle dei andre mødrene i gata har så tøffe bila?
Litt langt ned til trøene, men vekse fort. Legg merke til at Hinkel er med på tur, og den blå himmelen i bakgrunnen:)
På med solbrillene, ut med tunga!
Steinar er veldig viktig for meg. Kanskje du avogtil tenker at vi to har det så bra at alt eg skrive kan ikkje vere sant. Men det er sant. Selfølgelig er vi uenige, og irriterte på kvarandre. Men det skulle vel berre mangle. Eg er like forelska i han no som når vi møtast og blei kjent, berre at forelskelsen har gått over i en ubeskrivelig kjærlighet. Oppskrifta fungera ivertfall forsatt, og eg veit vi kjeme til å vere verdensmestera til å prate om det vi har på hjertet, og til å kysse 1000 ganga om dagen resten av livet!
Ååååhhh...sol, kaffi og Vikebladet på benken. Ditte livet lika eg!


Brosjan har fått seg kanelbolle og drikke å nyte sola.
Johannes er veldig flink til å hjelpe til, og blir nesten sint når han ikkje får hjelpe til. Hehe...Han fekk en klut med Steinar, og gikk rett bort til tvbordet å prøvde å tørke av. Sooooo god:)
Gutta klar til dugnad...
...The Magic...Mr. Nilfisk...
Liten isbre igjen på laurdag...men den er vekk no!!!
Steinar vaska vindu ute...
...og inne. Blei veldig bra!!! Eg har hevda at eg er flinkare enn Steinar til å vaske bad og støvsuge. Men Steinar skal virkelig få vinduprisen. Wow...:)

Laurdag var en superdag! Vi kosa oss på shopping der eg fann meg nye jobb joggesko til halv pris. 1400 før, og no 699,- Eg går veldig masse på jobb, så gode sko er alfa omega. Men berre slik eg har nevnt det var det Steinar som fann skona på tilbud......vi fann også støvla, regnbukse og jakke til Johannes. Og eg kjøpte nye gardiner. Men det skal du få sjå i eit interiør innlegg eg skal snart legge ut. Gled deg! Steinar vaska terrasa, utemøblane, og vi kosta foran huset. Johannes kosa seg ute heile dagen,  og eg og han gikk en tur på butikken for å kjøpe is, han gikk heile veien ned sjøl. Eg og Steinar kosa oss med taco og levande lys på kvelden.
Søndag sto Steinar og Johannes opp, mens eg sov litt ekstra. Godt! Å her har Brosjan fått tak i ei tacolefse som han likte veldig godt.

Vibeke og Odd Arne bor ikkje så langt frå oss. Men dessverre ser vi kvarandre altfor sjelden. So søndag hadde vi avtalt å møte dei. Å veret var nydelig! Vi rusla nedover Akerselva, og det var veldig godt å sjå dei igjen.
Vibeke mata endene med gamle skalka...
Eg, Brosjan og Vibeke
Odd Arne, Steinar og Johannes ser på Akerselva. Ikkje at den er så mykje å sjå på..men der var en del ende og nokre måsa.
Mens gutta satt seg på en benk for vi 3 en liten tur på eit loppemarked. Mykje rart, og sikkert noke fint viss man leite godt. Men vi kjøpte kun ei vafle...
Etter å ha rusla vel og lenge var vi slitne, og svoltne. So då gikk vi inn på en tapas bar, og det passa meg perfekt. Koslig og godt å ete. Eg og Vibeke kosa oss med ei øl. Årets første "ute" pils. 
Vibeke skål Odd Arne
Johannes sin barnemeny. Grilla karbonade med potet og salat. Men Brosjan åt og åt:)
Tapas planke for 4 stk. Kyllingvinger, Kjøttboller, Scampi, Torsk, Salat, Oliven, Potet, Aioli, Brød og Chorozi pølse.

Johannes og Odd Arne blei gode kompisa.
Her kosar vi oss med kaffi og is på Shell:)

Dinne helga har vore heilt fantastisk herlig, som eg kjeme til å leve lenge på.

Eg har fri fram til onsdag. Idag har eg vore på Ikea, har tenkt på det lenge men ikkje fått heilt tid eller "ånda" over meg til å vere Prosjektica. Men I'm back. Å i det eg svingte inn på Ikea, ti minutt før dei åpna slo det meg at ditte måtte vere den beste dagen  å vere her. Kanskje eg kom til å få heile Ikea for meg sjøl? Men der tok eg feil. Det var KØ foran butikken, eller vi fekk kome inn i kafen, og der satt det masse folk å åt mat og venta på at det skulle åpne. Jøss...så på Ikea er det alltid folk. 
Idag har eg hatt prosjektdag på vaskerommet, blei ikkje heilt ferdig, so må nok tilbake en liten tur til. Men eg lika Prosjektica. Imorga skal eg bli med Steinar på kontroll på Rikshospitalet. Håper vi får svar på kva som skal skje vidare.

Håpe du sitte med eit smil og en god følelse i deg no...for det gjer eg:)