søndag 11. juli 2010

Lykke i ein blomsterbukett:)

Mi kjære venninde Karoline har bodd i København i mange år, men bor no i Malmø. Der har ho funne seg en kille ved navn Mikael. Dei har vore ilag lenge, ja vi snakka år. Men ingen har helst på han. Var ei periode der vi trudde ho hadde dikta han opp, men då hadde han svart Karoline; "Ja det er no ikkje so rart..eg er no for god til å vere sann..."*Aaah...stjerne i boka*

Men eg skal ikkje skryte på meg at eg har vore flink å besøke ho i Malmø, å vi blir vel alle meir og meir naive desto meir vi er på Fjesboka. Der oppdatera folk stausane sine, som oftast, med det hyggelige, kjekke, koslige, perfekte livet vi alle har. Det triste og ensome livet trenge vi ikkje å bry omverda om, greit nok. Men tilbake til poenget, kva veit vi om Karoline? Bor ho innesperra på ein heim? Har ho venna? Lever ho i ei fantasiverd?
For ifølge fjesboka er ho ilag med Mikael, og dei hadde plutslig en dag kjøpt seg HUS!
So gleda var stOOOr når dei booka eit rom på Hotell Rudvegen. Vi skulle få møte HAN.


Å Hotell Rudvegen må leve opp til standaren. So 2 Do List blei skreven og fordelt på hushjelpene, handleliste som inneholdt både grillmat, reker, frokost og ingrediensa til Oreo kake. Kvitvinen var avkjølt, Tuborgen hadde låge å avkjølt seg sida sommaravslutninga til Kiwi gutta, so den burde vere kald....nye puter var innkjøpt på Plantasjen sitt 1/2 pris salg (YES! det var planen heile tida:) tilogmed sjølplukka markblomster frå vegkanten til nabovegen til Rudvegen var plukka. Jøss...å for å ikkje gløyme sola og varmen.

Jada alt var i boks. No var vi vel berre spent alle 4 om vi kom til å gå overens. Greit med vi 2 som har kjent kvarandre sida vi var små, men alle drøyme om at min mann og din mann skal kome godt overens. Slik at vi kan fare på ferie til kvarandre, familieferie til Spania,Norge, Svergie, USA, grillparty i hagen (slik som dei har i koslige amerikanske familiefilma), heftige vennskaplige diskusjona over eit par norske/svenske øl, ja sånn idyll som er perfekt. Tok kanskje litt av...men du tok poenget?


Terrassa vår...Dei nye møblane. Som tatt rett ut av møbelkatalog spør du meg...


Sjølplukka, sjølkomponert, sjølpåfunne, sjøldiggar.....
Hunda, unga, røyking, drikking og fotball er måter man kjem i kontakt med folk på....å då passa det perfekt at dei begge to heia på Tyskland og likte Tuborg...:)


Mikael og Karoline


Koslig med eit glas kvitvin i den herlige sommarkvelden...


...å på noken blei det meir enn 1 glass vin.

Huska dokke ej dreiv å las ei bok? Den he ej no lest ut, å ej skal ikkje gjenfortelle den til dokke, kanskje en anna dag...men uansett Anna Gavalda, forfattaren er fantastisk flink til å skildre stemning med ord. Å når ej skal fortelle dokke om kvelden vår igår skulle ej ønske ej var like flink. For igår var det sånn god stemning so ligg i lufta. Som du har fått med deg var vi litt nervøse alle mann...men ei kalde øl, litt småprating mens vi rensker rekene, sola som skin, å då kjeme den. Den gode stemninga. Og den avslappa praten. Den ekte latteren. Dei lure blikka. (Som nevnt tidligare spelte fotball kampen ei lita rolle her...) Å slik satt vi å kosa oss til klokka blei 0200. Uten eit pledd eller tjokkelesta. Kor deilig er ikkje det. Sjøl om ej idag kjenne ej skulle hatt lesta på meg. Har vel 5 myggstikk på beina. Men det er verdt det. Godt selskap, god drikke og varmt i lufta. Vi satt tilogmed på Vassendgutane sin Granada å song!....å det fortelle vel egentlig alt om kor god stemninga var. (Mikael er dansk, oppvokst i svergie, forstår norsk, men innbarka ørsting dialekt forstår ej at det ikkje er like enkelt å forstå, eller ville forstå.......:)

...Frokost ute på terrassa. Karoline og Mikael skulle vidare på sin norgesferie. Hadde med telt, og ville sjå Geiranger.


...Etter sol kjem regn? eller var det omvendt? Uansett. Eg og lijse brosjan tok oss en trille tur i hølj regnet. Kjekt å få kike ut å bli våte på nasa:)

...Vi glømte heilt av å ete dinne. Men det blir ikkje noke problem kjenne ej min kjære Steinar rett.....

Idag har vi kun kosa oss. Lest bok, ete kake, sett 10000 syklista sykle, leika, sparka fotball, gått en tur i regnet, Steinar og Ole Kristian he vore på kino å sett Dragetemeren og ete mat frå MacDonalds. No er det VM finale. Heia Nederland!
Men no ropa sofaen på meg...men alltid noke å fortelle om i Rudvegen:)


"Det vi kallar lykke, og lykke, det er pinleg.
Lar seg ikkje fortelje.
Blir det sagt.
Seier dei.
Lykke er platt, klissen, boring og alltid eit strev å få til.
Lykke kjedar lesaren."
....men det syns ikkje ej...Ha ei flott veke alle sammen, om dokke skal på jobb eller he ferie:)



3 kommentarer:

  1. Heia:)

    E so artig å lese bloggen din, ser ut som du gjer 100 ting MINST kvar dag og då kjenne ej sjøl at ej blir i arbeids lyst;)

    artig å sjå Mikaelen til ho Karoline, såg ut som en rett kjekke kar!:) Kjekt dokke kosa dokke:)

    Fortsett med blogginga- ARTIG!:)

    Klem:)

    SvarSlett
  2. å forresten, kunne ej fått oppskrifta til Oreokaka??:)

    SvarSlett
  3. For ei kosleg helg dokke he hatt:) men som ej sa første gangen ej var i Rudveien...dette er ein god plass å vere:) gla i dokke...:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)