søndag 3. oktober 2010

Etter fredag kjem laurdag...

Fredag var vi oppe tidlig for å kjøyre Steinar til kontroll på sjukehuset. Mens han var på kontroll tok vi oss en trilletur i kulda. For innom eit bakeri der vi kjøpte oss rundstykke og ein kaffe latte med karamell smak. Nammm!! So sat vi ute i gata å såg på alle folka som travla forbi på vei til jobb. Herlig med en liten "by morgen". Steinar hadde fått sprøyte i augene, so han trengte å kvile seg...
Morgen kos ute i friluft på Baker Hansen :)
Heimekos :)

Fundera over livet...?

Sida eg er sjåfør kjørte vi alle sammen til Hamar for å hente Ole K og Thea. Vi var tidlig ute, so vi henta dei etter skulen. Der fekk vi sjå klasseromma deira, og dei syns det var veldig stas å få vise fram Johannes. Vi susa avgårde til "der vi bor...". Laga 2 store heimelaga pizza med kjøttdeig, og en med pepperoni og skinke. Å kosa oss med X factor.




Ole Kristian måtte ta seg eit bad, og Johannes syns det var veldig artig å stå å sjå på. Trur nok han hadde lyst oppi...

"Hei Ole!! ta meg oppi..." ...å det fekk han lov til. Goingane :)
Men på kvelden når Johannes hadde lagt seg fekk han ei veldig stygg hoste, som ikkje gav seg når vi la oss. Steinar sa eg skulle ringe til legevakta. So eg og Johannes kjørte til Sørum for å få sjekka lisje vennen. Der var det to kjempe koslige dame som tok oss imot. Han var fin form, og sjarmerte begge to, stas å få vere oppe midt på natta. Men dei kom til at han hadde sikkert falskt krupp, han fekk ein tablett løyst oppi vatn gjennom ei sprøyte og fekk puste gjennom ei maskin. Etter det kom han seg veldig, men sida han skulle sove med kaldt rom, og sparka av seg dyna so var han litt forkjøla når han våkna. Snårete og kosesjuk. Og veeeeldig mammadalt. Litt travelt, men også ganske koslig når han kjeme krypande mot meg å sei; "Mammmaaa, Mammmaaaa...." ;)
Laurdagen kosa vi oss med god og lang frokost, som vi bruka å ha dei helgane Thea og Ole Kristian er her. Vi var også ute å leika oss.

Ole Kristian foran målet sitt :)


"Ta bildet når eg scora Monica..."



Skulle prøve å ta bilde av dei alle 3, men Johannes var mykje meir opptatt av traktoren sine funksjona...


...Ikkje sjans. Men dei 2 andre var no ganske skjønne:)

Godt å ha en storebror...

3 herlige unga :)

Vi laga kalkunfilet og kyllinglår med salat og mandelpotetpure til middag. NYDELIG! Å so kosa vi oss med litt godteri og tv kos. Sida i sommar har Thea og Ole Kristian syns det har vore veldig koslig at eg har lest til dei, og eg syns det er veldig koslig sjøl. Men igår var eg veldig trøtt, men når dei begge ser på meg med bedande auge, og sei ; "Pliiiiiis Monica, versosnild..." Då må eg berre :) Å når eg kom opp, hadde dei laga plass til meg i midten under dyna. Er ikkje dei gode vel?
Kveldskos med lakenspøkelset Nifse Nella :)


Etter å ha kosa oss heile søndagen for vi på Egon i Lillestrøm. Herlig at Egon laga middag til oss:)
No har Steinar sett fotballkamp, Johannes bada seg og søve søtt i senga si. So no ropa sofaen på meg...:)

3 kommentarer:

  1. Johannes kosa sej med ole kristian og tea,det er bra:) ein herleg gjeng:)
    og dokke finne på mykje å gjere,blir heilt imponert...:)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. haha..vakje så bra på ditte her.
    Skulle skrive:
    SAvna dokke masse!:) God bedring til Johannes og steinar!

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)