søndag 31. oktober 2010

Halloween:)

Fredag kom Thea og Ole med toget ilag med Steinar. Eg og Johannes hadde kosa oss heime, han var ikkje heilt iform. Trur han var låke i magen, so han fikk sviskedrikk. Å hallo...det skal eg minne han på når han blir større å får servert sviskekompott til dessert; At når du var liten so elska du sviske. Han drakk og drakk...hehe. Å det kom ut igjen også. Men etter ny bleie og søvn so var han back in business:)



Søskenkjærlighet - dei flira her, men slost egentlig om ei prompepute:)








Å plutslig hadde brosjan fått på seg kjole (!!). Var Steinar som hadde putta på han Thea sin kjole...men han var no ganske so skjønn ikkje sant?



Seinare på kvelden so skulle Thea og Ole kle seg ut som Lucifer og heks. Vi hadde vore på Nille å kjøpt kostyme, men neste år skal eg sy kle med maskina mi...Det blir spennande:) Men eg skulle bli med dei, gå litt bak og passe på. Det er egentlig ikkje Halloween før idag, søndag, men dei skulle få gå idag. Å det var veldig koslig det, å alle har ekstra laurdagsgodt på laurdaga...;)


Knask eller knep....?


Kveldens fangst...:)

Veit ikkje kva vi syns om Halloween egentlig. Er berre enda ein måte for næringslivet å tjene penga, å so skal ungane gå rundt å kle seg ut å spør etter godteri uten å heilt forstå kofor. Eg fortalte Thea og Ole at når vi var små gikk vi julebukk, og dei var enige om det var mykje kjekkare og snildare å skulle synge til folk for å få godteri, enn å berre spør.....men slik er då blitt, og eg og Steinar har "mata" alle naboungane ikvelde med restane av godteriet som Thea og Ole ikkje klarte å ete opp idag....hehe...:)

Men lyktene er tent ute, og vi kosa oss inne i haustmørket :)

Ha ei god veke alle sammen....og du? kos deg med blogginnlegget mitt under ditte:)

1 kommentar:

  1. Flotte kostyme dei hadde:)masse godt og sikkert ein spennandes kveld...;)
    JOhannes i kjole...ja ja skjønn uansett han:))))

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)