So i helga har vi kun kosa oss! Ete heimelaga pizza, MacDonalds mat og kalkun på søndag. Laurdag kveld låg vi på sofaen å såg film, akkurat slik en laurdags kveld skal vere. Å eg har vore sjukesøster også. Søster Holstad :) Har satt sprøyte på Steinar kvar morgen, og kvar kveld. Å eg var soooo flink *stolt*.
Og som dokke veit har eg hatt masse prosjekt når eg hadde permisjon, og trur ikkje du Steinar også har eit prosjekt gåande. Vi skal få nytt vaskerom!! So no har vi besøk av Fattern og en rørleggar. Ikkje verst å fikse slikt frå sjukesenga. Skal legge ut bilder av det endelige resultatet når det er ferdig. Å eg klare ikkje å holde meg unda prosjekt, men det tar litt lenger tid no når eg har en liten goklump som helst vil vere der som eg er, heile tida;)



På søndag (forge søndag...) kom Karoline på besøk. Det var veldig koslig!! Ho sov med oss frå søndag til mandag, for ho skulle på jobb oppdrag i Oslo. Å tirsdag og onsdag skulle ho jobbe på riksen. So då åt vi lunsj ilag, det var kjekt. Sjøl om det går altfor lang tid mellom kvar gong vi ser kvarandre so er vi "der" med en gong. Virka som vi har sett kvarandre kvar dag, berre at vi har masse å fortell og sladre om. Herlig!!:) Vi har også hatt besøk av Daniel og Elisabeth dinne veka. Vi tok med gutane ut på akebrett tur, dei syns nok det var litt kaldt for dei satt der heilt alvorlige og forsto sikkert ikkje heilt vitsen, kjekkare å vere inne med leikene, men godt med frisk luft for mødrene ivertfall;)

Idag er det 4 daga igjen til jul. Og 3 daga igjen til vi skal flyge heimatt. Steinar skal spør legen sin idag om flyging og om han får reise heimatt. Han fikk klarsignal til å flyge for 1 veke sida, men no har dei tatt nye bilder og eg har bedt han spør en gong til for å vere heilt 100% sikker på at dt går bra. Eg kjenner eg er stressa for at eg ikkje heilt veit kva som skjer, har sooooooo veldig lyst heimatt til mamma til jul. Men viss ikkje Steinar får lov må vi tenke sikkerheit først og fremst.
Men eg skal fortelle dokke kva som skjer vidare....:) Å imens vi ventar på at Steinar skal kome heimatt å vi kan ta juleferie skal eg og brosjan kose oss med å pynte pepperkake hjerte til å henge i vinduet (eg trur eg skal gjer det aleine......), teste ut akebrettet en gong til, øve oss på å gå og ja det vi kan og likar best; KOSE:)
Å det var fantastisk å vete at det går bra med Steinar:) då er det berre å glede sej til jul på Hj.våg...vi gler oss masse:)
SvarSlettso fine bilde av skatten vår,so gla i han:)))