mandag 13. desember 2010

Stjerneskudd...Lykkeønskeskudd...

Mine alle kjære herlige. Dokke som har gjort meg til den eg er. Takk for alle lykkekryss og lykketanke. Ifølge Mr. Rød (han dere overivrige austronomen...)Skal det inatt vere en "himmel full av stjerner". Eller ivertfall stjernskudd. Store! Til større dei er, til meir virker ønsket eller? Eg sastar å tru på det...:)

Steinar har det ivertfall bra, eller bedre. Han er ikkje så trøtt lenger, og mykje meir med, og eg har fått tilbake min "gamle" Steinar, sjøl om han ikkje kan ligge at med meg i senga so er han "tilbake". Han var veldig dårlig før han blei lagt inn, åt ingenting og sa ingenting. Å det er mykje verre å gå heime å føle seg heilt hjelpeslaus og sjå at den du er mest glad i har det låkt. Men no har han det bra, og føler seg trygg. Å då har han stjerne i augene igjen...;)

Det Steinar "har fått" er noke som blir kalla; Venøs blodpropp i hjernen. Å er visst veldig sjeldent. 1 av 100 000!!!

Det dei jobber med no er å finne ut om det har ein sammenheng med synet og proppen, og korleis dei skal behandle det vidare.

I helga har vi kosa oss masse! Ole G og Frøydis kom med Ole og Thea på fredag, og eg forklarte so godt eg kunne kva som hadde skjedd med pappa'en. Vi konkulderte vel med at det ikkje var farlig, og at pappa hadde fått ei badepropp i haudet som ville forsvinne av seg sjøl som ei vorte som plutslig er vekk...;)

Thea fekk seg ROSA mobil tlf i gåve med oss. Å det var veldig stas! Vi kosa oss med heimelaga pizza heile gjengen. Etter barnetv og hadekos til kjekke Ole G og snilde Frøydis skulle vi lage pepperkakehus. Eg hadde satt det sammen, so no sto berre pynten for tur. Å her er det berre å klæsje på...;) Men plutslig so sklir en seigemann av taket, Thea tar den å skal trykke den på, og trykke vel hardt, for der knasa eine tak sida i 2. Hehe...vi flira og flira. Men pynta so godt vi kunne for det. So bada vi og snakka om alt mulig før vi las litt bok og dei sovna. Då fann eg ut at eg skulle lage gulrotkake, men det eg gløyme kvar gong er at det tar 80 min å steike, å so må den avkjøle seg før kremen kan smørast på....*Gjeeesp* Men den blei ferdig steikt og pynta kl hal 2....

Fann nokre bilder til frå dagen til Johannes...
...so søte er ej:)

Muffins:)


Legobil og muffins:)



En skikkelig going:)


Pepperkakehuset frå si beste side....


...å i fugleperspektiv....

Var no litt sjarmerande...?
Laurdag laga vi koslig frokost. Kledde på oss, og leverte Johannes med Daniel slik eg kunne ta med dei 2 andre til Steinar. Å ha fekk bli med oss heimatt!!! YEAH!!!:) Måtte tilbake leverast kl 20.30:) Vel heime hadde bestemor, Tone, Pål og Amund allerede komt. Vi kosa oss med taco til middag og sjokoladekake og selfølgelig gulrotkake:) Det var veldig godt å ha Steinar heime, og han syns det var veldig godt å vere heime, å spesiellt å kunne gå på eget do..(?!??) hehe...er noke med eget do og ega seng:)

Fikk seg fine båt med bestemor:)


Bursdagsbarna våre:) Thea 8 år og Johannes 1 år:)

8 lys på Thea.....

...og 1 på lisje brosjan:)


*gomlegomle* Sjokoladekake var godt:)


Voksen bordet:)


Barne bordet (legge merke til at eg sitte der...);)

Etter vi hadde kjørt Steinar tilbake til sjukehuset laga vi rundstykke og kokte egg til kveldsmat. So satt vi alle 3, Brosjan sov so søtt etter en longe og kjekke dag, foran tv'en for å sjå siste del av X factor. Vi heia på Atle...
Eg hadde laga kalendar til Ole og Thea også. 3 pakka for kvar dag. Men dei prøvde seg første dagen å åpne alle!! men då kom strenge Monica å sa at det blei ikkje aktuelt! Men sida dei hadde styra so hadde dei åpna søndag pakken på fredag, so måtte bytte litt. Men i fredagpakken so var der koslige stjernelys som skulle henge i vinduet når dei sov. So før vi la oss pakka vi opp søndags pakken og hang opp lysa. SOOooo koslig!!! Vi pakka oss godt under dyna til Thea der vi låg alle 3 å las 2 kapitell frå Doktor Proktors Prompepulver:)

Søndagsfrokost:)
"3 lys, 3 lys skal skinne...."
vi tente lys og so sang dei!!:)

Legofamilien i Rudveien 8 laga av Ole Kristian :)


Vi leika oss litt heime før vi kjørte for å besøke papsen en gong til. Vi åt middag på MacDonalds og so leverte eg dei på toget til mamma'en. Dei hadde kosa seg masse sjøl om pappa'en ikkje hadde vore der heile tida.
Slitsomt å vere 3 barnsmamma? Ja det kan det vere. Men eg er so glad i alle 3 ungane, og dei gir meg so utrulig masse iform av tillit, kos og masse glede. Og det gir meg masse energi, energi til å ville det beste for dei. Og har dei det bra, og Steinar det bra. Då har eg også det bra. Så eg føler meg heldig som har dei rundt meg. Plutslig kan eg får verdens beste kos av Thea, Ole Kristian spør meg om alt han lure på som kanskje kan vere lettare å spør meg om enn Steinar eller mora. Og for å ikkje snakke om lisje vennen min, som er so glad i meg og er so skjønn!! Men skulle det ha vore slik fast, ditte var 3 daga...so hadde det nok blitt slitsomt. Men då hadde livet og rutinene vore annaleis også. Å ja, til alle dokke der ute som er so glad i meg. Eg husker å ta vare på meg sjøl også, ete mat, drikke kaffi, sove, late meg, kose meg med kake, dusje leeeeenge, å so får eg masse kos med Brosjan:) Men skulle veldig gjerne hatt Steinar her. Du veit berre føle at han er her, høyre pusten om natta, stryke han på ryggen, få eit kyss eller 10, flire av teite ting. Men no når eg snart skal pusse tennene mine skal eg sjå ut av vinduet å kike etter stjerneskudd....

2 kommentarer:

  1. Fantastiske mammica!! :) So flink du e!! Godt å sjå at det går bedre med Steinar,he tenkt masse på dokke.. Ønske dokke ei fin adventstid vidare! <3 Klem <3

    SvarSlett
  2. so fine bilda av alle dine kjære..:) koselg selskap også så det ut som...og no er det snart jul,og vi gler oss til dokke kjeme:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du vil legge igjen en koslig beskjed til oss:)